Klar for skolestart? Send oss dine bilder!

— Velkomne til nytt skuleår!

Rektor ved Kleppestø barneskole på Askøy, Tor Magnus Lilletvedt, står med mikrofonen i handa og ser utover ei regntung forsamling. Før han skal ta imot seksåringane, ønskjer han dei andre elevane velkomne.

— Me syng nasjonalsongen, kom igjen!

Responsen kunne ha vore betre. Dei 270 elevane, som krøker seg regnvåte saman på skuleplassen, druknar i stemma til rektor i mikrofonen.

Store sommarfuglar

— Uff, det er så vått at me må ta imot seksåringane i gymsalen, seier rektor.

Snart har 47 førsteklassingar med foreldre tatt plass i den nylakka gymsalen.

— Så er den store dagen her. Me håpar de skal læra mykje hos oss.

Rektor er i gang med velkomsttale nummer to. Forventningsfulle førsteklassingar klamrar seg til mor og far. Stolte fedrar sørger for å foreviga alt saman.

Snart blir dei ropt opp ein etter ein, og får gå til klasserommet. I 1B er lærar Siri Håland sjefen.

— De foreldre skal få vera her ei lita stund, men det blir ikkje lenge, understrekar Siri.

— Men viss det er nokon som vil ha foreldra her, så går det bra altså, legg ho til.

— Eg treng ikkje mamma og pappa, kjem det kjapt frå ein liten kar.

Siri forklarer han at ein må rekkja opp handa når ein vil seia noko på skulen.

— Berre læraren har lov til å snakka utan å ta opp handa, seier ho.

Siri lurer på om nokon har hatt sommarfuglar i magen i forkant.

— Eg var spent, seier ein.

— Eg var veldig spent. Og så klarte eg nesten ikkje å sova, seier ein annan.

Alle ler høgt. Den eine har vore meir spent enn den andre, og har sove minst like lite.

Harde bod

Etter høgtlesing og song må mamma og pappa gå. Då blir stemninga ei anna.

— Du må vera her, seier ei jente, og heng rundt halsen på mamma.

Det kjem ei tåre eller tre, men etter litt godsnakking går det over.

Snart er det tid for mat, og jentene er raske med å finna fram dei rosa drikkeflaskene med tornerose på.

— Alle må vaska hendene før dei et, formanar Siri.

Ein liten tass styrtar bort til vasken. Men den gang ei.

— Alle kan ikkje vaska hendene først. Bordet ved vindauget byrjar.

Tassen må gå tilbake til plassen sin med skitne hender. Underleppa dirrar, og like etterpå kjem tårene. Det er tøft å læra på den harde måten.

Ein song for maten seinare er nye tårer i omlaup. Denne gongen er det nista.

— Eg likar ikkje leverpostei, seier ei jente innimellom hiksta.

Assistent Anne Elisabeth Eikemo prøver å trøysta så godt ho kan. Litt etter kjem oppklaringa. Jenta har fått matpakka til storesøster i andre, som likar leverpostei. Med det ordnar alt seg.

Etter maten får seksåringane møta fadrane sine i 6A, som skal sørga for at dei får det bra på skulen. Fadrane er tøffare enn toget. Men sjølv dei mjuknar i møte med søte førsteklassingar. Iallfall når dei kjem på tomannshand.

NYE KLEDE: Tvillingane Hedda og Maren Karlsen stasa seg opp i rosa på første skuledag på Kleppestø barneskole. Dei har også rosa skulesekkar, rosa matboks, rosa drikkeflaske og rosa penal. I midten Margunn Haugland. Bak lærar Siri Håland. FOTO: HELGE HANSEN
HELGE HANSEN
- EG VEIT DET: Det er vanskeleg å hugsa og ta opp handa før ein snakkar. At det berre er læraren som kan snakka utan å rekkja opp handa, er noko av det første ein lærer som førsteklassing. FOTO: HELGE HANSEN
HELGE HANSEN