Klubben er også dømt til å betale hytteeigarane 120.000 kroner i sakskostnader.

Heilt sidan Norske Motor Klubb Sunnfjord (NMK Sunnfjord) i 1997 starta planlegginga av sitt nye motorsportsenter i Kråkenesmarka, har naboane protestert heftig.

Til inga nytte. Både kommune og Fylkesmannen har avvist dei mange klagene i tur og orden.

Men i retten vann hyttefolket ein knusande siger.

«Irriterande og plagsom»

Hytteeigarane er begge pensjonistar, og ønskjer å bruke hytta til rekreasjon i sommarhalvåret. Men med den ekstreme motorstøyen, mindre enn hundre meter unna, har det vore uråd.

Men no har retten konkludert med at støyen frå bana faktisk er svært plagsom, og godt over alle støynormer. Dermed meiner retten at NMK Sunnfjord kan dømmast for brot på grannelova, og bana må stengast.

Retten skildrar støyen frå motorbana som kraftig og av vekslande karakter, som gjer den særleg irriterande og plagsam, noko også retten opplevde under si synfaring på staden. Først og fremst utandørs, men også inne i eine hytta med både dører og vindauga lukka.

Retten meiner at aktiviteten på bana gjer at hytteeigarane vanskeleg kan tilbringe meir enn ein eller to dagar på hytta utan å måtte oppleve ulempene med all støyen.

Dei eine hytta vart oppført tidleg på 1970-talet, den andre på slutten av same tiår.

— Støybelastninga på hyttene er betydeleg både i styrke, karakter og omfang, og kan ikkje ha vore pårekneleg da hyttene vart etablerte, slår retten fast.

Kritikk av Førde kommune

Trass i at kommunen ikkje er part i saka, blir Førde kommunes behandling av saka tatt opp.

Blant anna får kommunen kritikk for å ikkje å ha halde granneskjøn, særleg etter dei heftige protestane frå naboane.

— For retten framstår det som om både Førde kommune og NMK Sunnfjord har hatt ein noko ubegrunna optimisme til kva ein kunne oppnå med støyavgrensande tiltak. Samtidig har ein ikkje i stor nok grad tatt omsyn til kva det betyr for dei naboane det gjeld, slår retten fast.

NMK Sunnfjord får dessutan kritikk for berre å ha vektlagt den kommunale behandlinga av etableringa, og førestelt seg at den kommunale godkjenninga var tilstrekkeleg også i høve dei naboane det gjeld.

Retten konkluderer med at støyen frå motorsporten i Kråkenesmarka utgjer ei urimeleg ulempe etter grannelova. Vidare meiner retten at ein stans i aktiviteten ikkje medfører så store utlegg eller tap for NMK Sunnfjord at det står i klart misforhold til fordelen for hytteeigarane.

- Må få nye hytter

— Dette er ein god og krystallklar dom, og eg forventar at NMK Sunnfjord no straks stoppar den støyande aktiviteten på bana, seier advokat Endre Grande, som ved sin fullmektig Karl O. Wallevik har ført saka for hytteeigarane.

— Samtidig er dette eit spark til Førde kommune som reguleringsmyndigheit, der retten markerer at dette ikkje held mål. No forventar vi at kommunen gjev begge våre klientar ei fair behandling vidare, seier Grande.

— Kva inneber det?

— Kommunen har jo gjort eit nytt reguleringsarbeid parallelt med denne saka, der dei vil ekspropriere hytteeigedommane. Den einaste realistiske løysinga blir at kommunen no skaffar desse to nye tilsvarande hytter på eigna stad. Investeringane i motorbana er i alle fall så store at det ikkje synest vere politisk vilje til å legge bana død.

Grande meiner det er rettferda som har sigra til slutt i denne saka:

— Min klient har protestert heilt frå han vart kjent med planane om motorbane like ved hyttene, utan at han har blitt høyrt. No har vi fått dokumentert at han hadde rett, at denne støyande aktiviteten rett oppi hyttene ikkje er til å leve med.

MÅ STENGE: Frå første dag har naboane klaga over bygging og bruk av motorsportbana i Førde, mindre enn hundre meter unna solterrassen. I retten vann hyttefolket ein klumsande siger, og bana må no stengast.

TERJE ULVEDAL (foto)