— Vi fekk ein tøffare vinter enn vi hadde tenkt oss, men vi skal bli ferdige i tide. Det må gå, seier Torkjell Eskeland i NCC.

Datoen 2. april er fastsett for lenge sidan. Då skal det ikkje gå tog på Bergensbanen, og det er kunngjort vidt og breitt. Jernbaneverket skal nytta den togfrie laurdagen til å gjennomføra ei rekke planlagde arbeid langs heile lina. Neste sjanse blir ikkje før til hausten.

Ny bit Bergensbane

Eitt av arbeida er å setja inn vekslar som pensar toget inn på ny jernbaneline på taket av den enno uferdige kulverten som skal føra E16 inn i tunnel forbi Voss sentrum.

Før den tid må støypinga vera ferdig, og ei ny strekning av jernbana vera ferdig bygt, frå Voss stasjon og vestover til neste kurve. Komplett med pukk til underlag, sviller, skinner, stolpar og køyreleidning. Betongfundament til stolpane er under prefabrikkering inne i den tidlegare trelasthallen til Gjerde Bruk, som Vegstellet har løyst inn.

For veikt tunneltak

NCC arbeider også med arbeid på oppsida av jernbanelina. Der skal fjellet forsterkast med armert betong for å bli sterkt nok tak i Vangstunnelen.

— Vi prioriterer ned dette arbeidet i den grad det trengst for å halda fullt fokus på arbeidet som hastar mest, seier Eskeland.

PREFABRIKKERT: Fundament til stolpar for køyreleidning vert laga innandørs. Jernbindaren tek sveiseapparat i bruk for å få armeringsjerna stabile. Til høgre eit ferdig støypt fundament. FOTO: Arne Hofseth