Hilde Kristin Strand

Forsvarsbygg har gjennomført ei berekning av støy frå Ulven skyte— og øvingsfelt. Resultata viser at i forhold til gjeldande retningslinjer for støy, er det så mykje støy i området at ein ikkje bør tillate å byggje i Ådnadalen, slik kommunen vil.

Forsvarsbygg har lagt inn ei motsegn på kommunen sitt forslag til reguleringsplan.

— Kommunen har vore i kontakt med Forsvaret i lang tid, men har ikkje fått negative signal før no, seier Øyvind Tøsdal, kommunaldirektør i Os.

Strenge retningslinjer

— Vi trudde det var for mykje støy i området til at det kunne byggjast der. Men vi ønskte konkrete tal å halda oss til og gjennomførte difor ei berekning. Ho viste det vi trudde på førehand, seier Arild Byrkjedal, overarkitekt/arealplanleggjar i Forsvarsbygg.

Dagens retningsliner for kva som er tillate av støy for at ein skal kunne byggje både privathus, institusjonar og industribygg, er svært strenge. Ut ifrå desse vil til dømes eit område på Ulven koma innanfor raud linje, som fortel kor ein ikkje bør byggje bustader og fritidshus. Men eit nytt forslag til mildare retningsliner er no på høyring.

— Vi held rikspolitiske retningslinjer, men vi følgjer dei ikkje blindt, seier Øyvind Tøsdal, kommunaldirektør i Os. Han seier mange allereie er byrja å følgje dei nye retningslinene, og at støy aldri har vore eit problem i Os kommune tidlegare.

Håpar på løysing

Både Forsvaret og Os kommune håpar og trur på ei løysing.

— Dei nye retningslinene tonar ned konfliktgraden, slik at dette på sikt kan løyse seg, seier Byrkjedal.

Førstkomande måndag skal Forsvaret og kommunen ha eit møte hos Fylkesmannen.

Forsvaret vurderer å kome med tiltak for å minske støyen frå Ulven leir. To av tiltaka som vert diskuterte er å skjerpe inn nattskyting og skyting med 12,7 mm våpen. 12,7 er eit kraftig kaliber og gir mykje støy.

— Vi skal kome til ei løysing som kan etast av begge partar, seier Arild Byrkjedal.