Vedtaket på gårsdagens styremøte kan knapt kallast særleg overraskande. Helge Bryne, viseadministrerande direktør i Helse Vest, sit i styret for Helse Førde. Helse Vest-leiinga har difor heile tida vore orientert om endringane i sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane.

Det er Helse— og omsorgsdepartementet som har kravd at Helse Vest gjer greie for omlegginga av tenestetilbodet i fylket, først og fremst ut frå om endringane kan stri mot krava som blir stilt til at sjukehustenestene skal vere fagleg forsvarlege.

Kvalitet

Utspelet frå departementet kom som eit resultat av at det har blitt reist hard kritikk mot omleggingane, ikkje minst frå Nordfjord. Så seint som rett før jul gjekk kring 4000 menneske i fakkeltog for sjukehuset på Nordfjordeid. Dei fryktar at omleggingane er eit første steg på vegen mot full nedlegging, og at Førde til slutt blir einaste sjukehuset.

I svarbrevet til departementet argumenterer Helse Vest i stor grad med at endringane i sjukehusdrifta i Sogn og Fjordane er gjort ut frå kvalitetsomsyn. Eit døme på det er dei omstridde endringane innanfor kirurgien. Desse gjer at folk frå heile fylket må reise til Førde for å få utført blindtarmoperasjonar, åreknutar og andre relativt små kirurgiske inngrep.

Ikkje vesentlege endringar

— Endringane er grunngjeve ut frå kvalitet, noko fagmiljøa har hatt fokus på og vore einige om. Opinionen har hatt fokus på geografisk nærleik til tenestene. Nokre pasientar vil få lengre reise til sjukehus. Dette gjeld i stor grad pasientar som ein sjeldan gang må opererast, og ikkje pasientar med lidingar som gjer at dei er avhengige av hyppigare sjukehusbesøk. Sjølv om enkelte vil oppleve at avstanden aukar, blir dette ikkje oppfatta slik at kvaliteten blir redusert. Tidsaspektet tel mindre enn kvaliteten på tenestene, argumenterer frå Helse Vest.