Aarøen fekk påvist uhelbredeleg kreft i vår. Han døydde i heimen.

Magne Aarøen blei 59 år gammal. Han blei innvald på Stortinget i 2001. Aarøen sat i fylkestinget frå 1987 til 1991 og var aktiv lokalpolitikar både i Selje og Gloppen. Han har også hatt leiarverv i Sogn og Fjordane KrF.

Før Aarøen blei innvald på Stortinget var han rektor ved ein skule på Sandane. Tidlegare har han også jobba som jounalist, mellom anna i Sunnmørsposten.

STORTINGSMANN: Magne Aareøen døydde av kreft natt til fredag.
Arkivfoto