Norges første stortingspresident, Wilhelm Friman Koren Christie, var fødd i Kristiansund i 1778 og døydde ugift i Bergen i 1849.

Trass i at han var ugift, etterlet han seg to søner, Wilhelm og Johan Carl. Det som til no har vore kjent om mor til desse gutane var namnet Karen Marie Berg og at ho skulle ha døydd i København i 1818.

Den 20. oktober kom det ut ein biografi om stortingspresident Wilhelm F.K. Christie. I samband med dette arbeidet reiste historikarane Kenneth Bratland og Runar Jordåen for ei tid tilbake til København og det danske Rigsarkivet. Arkivbesøket deira resulterte i meir kunnskap både om Christie sine to søner og om mor deira.

Mor nr. 852

Fødselsstiftelsen i København opna i 1759 som eit tilbod til ugifte mødrer slik at dei skulle kunne føda sine born i løynd under trygge tilhøve. Alternativet den gong var skam og fare for barnedrap. Kvinner som kom dit fekk eit nummer rundt halsen og det var dette nummeret som vart innført i fødselsprotokollen, ikkje namnet på korkje barnemor eller barnefar.

Den 31. august 1806 vart gutebarnet Wilhelm fødd her, og om mor hans var det oppgitt at ho var nr. 852. Ei veke gammal vart Wilhelm utsett til fosterforeldre i København. Her kunne historia om Wilhelm og foreldra hans slutta, men etter eit par veker kom Karen Marie Berg til Fødselsstiftelsen og tok på seg morskapet. Ho fekk barnet utlevert sidan ho hadde familie som no var viljuge til ta seg av barnet.

Knapt to år etter, 28. mars 1808, var Karen Marie Berg tilbake på Fødselsstiftelsen og fødde barnet Johan Carl. Dette barnet vart utlevert til Snedkersvend Carl Laas`s kone, som i ettertid har vist seg å vera Karen Maries søster. Sonen Wilhelm vaks truleg og opp hos slektningar av Karen Marie.

Nettutstilling "Den reisandeChristie"

Karen Marie Berg

Mor til dei to gutane, Karen Marie Berg, var fødd i 1779 i København. Ho var det femte barnet til tømmermann Anders Nicolaisen Berg og kona Birthe Marie Rasmusdtr.

Familien budde i bydelen Nyboder, ein bydel prega av handverkarar og arbeidarar. Folk der vart sett på som pøbel av borgarskapet.

Karen Marie fekk ein yngre bror, og mora i døydde i barselseng i 1791. Allereie få år etter, i 1799, drukna Anders på arbeid i ein dokk. Karen Marie var berre 18 år gammal då dei vart foreldrelause. Buet var fattig, og for å få råd til å gravleggja faren hadde Karen Marie måtte pantsetja ein gullring.

To verdener møtes

Som foreldrelaus måtte Karen Marie forsørga seg sjølv og i folketeljinga 1801 står ho oppført som tenestejente hos ein familie i København.

I den same folketeljinga for København står og den 23 år gamle Wilhelm Friman Koren Christie som ugift student og « underkancellist i det Danske Kancellie« . Han fekk sin juridiske embetseksamen året etter og avanserte raskt yrkesmessig. I 1804 fekk han ein godt betalt stilling som leiar for ein eigen avdeling.

Det var stor sosial og økonomisk avstand mellom desse to, på trass av det hadde det eit langvarig forhold som resulterte i dei to sønene, Wilhelm og Johan Carl. Eit ekteskap mellom dei var likevel utenkjeleg på grunn av den store standsforskjellen.

Reiste til Bergen

Wilhelm F.K. Christie reiste tilbake til Bergen i 1809 då han vart utnemnd til sorenskrivar i Nordhordland.

Christie vart ein akta embetsmann i Bergen og i 1814 vart han utsending frå Bergen til riksforsamlinga på Eidsvoll. Seinare på året vart han landets første stortingspresident. Året etter fekk han den høgaste embetsstillinga på Vestlandet, som stiftamtmann i Bergen.

Om han heldt kontakt med Karen Marie etter heimreisa veit ein ikkje, men i 1818 døydde den ugifte Karen Marie av brokk i København.

Les meir om Christie-biografienog boklanseringa

Skjebneåret 1822

I 1822 fekk Christie eit « Nervetilfælde og dette var sannsynlegvis eit resultat av sorg over et familietilfælde ». Kanskje var det eit resultat av Karen Maries dødsfall og tanken på at sønene levde som fattige fosterborn i København.

Christie tok på seg farskapet og henta sønene heim til Bergen. Som del av hans huslyd fekk dei både skulegang og utdanning. For dei to gutane må det ha vore ein enorm kontrast å gå frå å vera fattige fosterborn i København til å bli sønene til ein av dei mektigaste embetsmenn i Bergen.

På grunn av helseproblem gjekk Christie av som stiftamtmann i 1825. Tre år seinare vart han tollinspektør i Bergen i staden.

Sønene hans greidde seg godt på kvar sin måte. Johan Carl vart sokneprest i Askvoll og seinare prost i Sunnfjord, medan Wilhelm gjekk i faren sine fotspor og arbeidde i tolletaten. Det lever stor slekt etter dei.

Kjelder:

Kenneth Bratland og Runar Jordåen: Kven var Karen Marie Berg? , trykket i Bergensposten 2, 2014.

Runar Jordåen: Wilhelm F.K. Christie — Presidenten . Bergen: Fagbokforlaget (2014)

STORTINGSPRESIDENTEN: Stortingspresident Wilhelm Friman Koren Christie (1778-1849). Malt av Jacob Munch ca. 1815.
Utlån: Eidsvoll 1814.
SON: Sokneprest Johan Carl Christie (1808- 1898)
Utlån: Helga Landmark og Per Wolff.
SON: Overtollbetjent Wilhelm Christie jr. (1806-1885).
Utlån: Helga Landmark og Per Wolff.