Kriseløysinga må til fordi Signaturtoget dei har reservert vogn i, ligg langt etter ruta på veg over frå Oslo. Toget var 89 minutt for seint ved avgang Hokksund og kjem ikkje til Bergen i dag.

— Vi legg opp til at ekspresstoget snur på Voss i dag, slik at det kan koma nokolunde i rute attende til Oslo, opplyser informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

NSB vil setja opp eit nytt tog som tek passasjerane, deriblant stortingsrepresentantane, til Voss. Dei som skal vidare mot Oslo, stig over i ekspresstoget der.

Køyreledning nede Årsak til forseinkinga er krøll med køyreleidninga i Oslotunnelen.

Eine sporet i tunnelen har vore stengt i dag tidleg. Dermed er kapasiteten sprengt, og toget til Bergen har ikkje høg prioritet.

Transport- og Kommunikasjonskomiteen får dermed illustrert at Oslo ikkje åleine har ulemper med eit sårbart jernbanenett.

Lite å velja mellom NSB har ikkje særleg stort utval av togmateriell ståande i Bergen. Eit av alternativa er togsettet som går til Ål fredagar, og returnerer sundagar.

Pendlarane på Vossebanen ville nok helst sett at stortingsrepresentantane fekk prøva dei dårlegaste lokaltogsetta. Det ville høvt ekstra godt i dag. Undertogturen til Voss er det venta at direktør Tom Ingulstad vil opplysa om NSB vil tilgodesjå Vossebanen med nokre av dei 50 moderne lokaltogsetta som kjem til landet i 2012.

Tidlegare har dei vore vanleg at nytt materiell vert sett inn i Austlandsområdet. Mange år seinare kjem dei til Vestlandet, med eit nytt strøk lakk utanpå, og kanskje nytt setetrekk inni.

Stortingskomiteen har reservert vogn i et Signaturtog, men toget er forsinket og snur på Voss. Arkivfoto: Helge Sunde