Tre av desse prosjekta gjeld vestlandsvegane Trekantsambandet, Lærdalstunnelen og Nygårds-tangen-Gyldenpris i Bergen.

For den siste var veksten i kostnadsoverslaget 51 prosent frå byggestart hausten 1995 til ferdigstilling i 2000. Ved byggestart var kostnadsoverslaget 457 millionar kroner. Slut-tala vart 689 millonar. Her såg Vegvesenet mellom anna bort frå kunnskap ein hadde om miljøgifter i grunnen, som ein måtte ta hand om.

Dei to andre vegprosjekta som er behandla, gjeld ny Europaveg 134 Drammen — Mjøndalen og Knattený Vigernes i Lørenskog/Skedsmo.

Manglande kompetanse?

Riksrevisjonen har funne grunn til å stille det heilt grunnleggande spørsmålet:

Har Samferdsledepartementet nok kompetanse til å vurdere vegprosjekt?

Riksrevisjonen peikar på at det ved fleire store utbyggingsprosjekt er gjort store konsekvenstunge endringar, etter at planane har passert Stortinget.

Det finst ifølgje Riksrevisjonen også døme på at heile føremålet med utbygginga, er blitt endra

— Utan at Stortinget er blitt informert. Ved anleggsstart for Trekantsambandet, var kostnadsoverslaget 1332 millionar kroner. Då sluttstrek vart sett i 2002, var kostnadane komne opp i 1850. Det gjev ein auke på 38 prosent.

Når det gjeld Lærdalstunnelen var kostnadsoverslaget 836 millionar ved anleggsstart medan sluttrekninga ved siste budsjettproposisjon lyder på 1086 millionar. Det gjev ein vekst på 30 prosent.

Revisjonen slår ned på at utbyggingsvedtak er gjort utan at dei nødvendige reguleringsplanane er utarbeidd. Det galdt til dømes Lærdals-tunnelen. Og ikkje nok med det, anleggsarbeidet vart også starta tre år før reguleringsplanen var vedteken. Dette er også i strid med bygningslova.

-Feilvurderte

Når det gjeld Trekantsambandet påpeikar Riksrevisjonen at kostnadsoverslaget som Hordaland vegkontor hadde laga, vart justert ned av di dei meinte det låg for høgt.

— Vi må berre vedgå at vi feilvurderte. Når det gjeld bruene baserte vi oss på erfaringar vi hadde gjort med tilsvarande bruer tidlegare. Men stålprisen og utviklinga i marknaden gjorde at vi bomma, seier Kjell Bjørvig, som er fungerande vegdirektør, til Bergens Tidende.

Han seier at Vegdirektoratet ikkje har anna å gjere enn å legge seg flate for kritikken. Han legg til at direktoratet gjer mykje for å betre eigen kompetanse og at ein dessutan leiger inn ekspertar og støttar seg på kompetente entreprenører. Han meiner det ikkje er betre ekspertise å få fatt i.

Om årsakene til kostnadssprekken i fleire saker har Bjørvig dette å seie:

— Det kjem dels av endringar i planar, dels som følgje av lokale krav og tilpassingar, mellom anna miljøkrav som gjeld luft og støy. Det kan vere uventa grunnforhold, endringar i marknadsprisar på stål og entreprenørarbeid.

Avslår å kommentere

Ekspedisjonssjef Knut Rønning i Samferdsledepartementet seier til Bergens Tidende at departementet meiner det er bra at Riksrevisjonen tek opp ulike sider ved dei kostnadstunge vegprosjekta. Han legg til at både departementet og Vegdirektoratet sjølv er opptekne av desse spørsmåla.

Rønning legg til at det i dei seinare år er gjort mykje for å betre både metodikken og styrke kompetansen for å få ei betre økonomistyring på slike store prosjekt. Han viser også til nyordninga med at prosjekt på over 500 millionar kroner skal vurderast av eksterne konsulentar.