— Dersom regjeringa går inn for å byggje tunnelen, bør det ikkje vere noko problem å få fleirtal i Stortinget, seier Jorunn Ringstad (Sp).

Ringstad viser til at hennar eige parti har programfesta bygginga av tunnelen.

— I tillegg har Framstegspartiet vore svært positive. Står partiet ved det dei tidlegare har sagt når tunnel-bygginga no ser ut til å bli konkret, vil det vere eit fleirtal på Stortinget som går inn for bygging, seier Ringstad.

Lunkne

Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti har vore lunkne til tunnelprosjektet mellom Moldefjord og Kjødepollen på Stadhalvøya. Dei høge kostnadene og skepsis til nytten av kanalen i fjellet mellom Nordfjord og Sunnmøre er bakgrunnen for at dei to partia heile tida har signalisert laber interesse. Tunnelen er kalkulert til kring 900 millionar kroner.

Realiseringa av prosjektet tok eit langt steg framover då fiskeriminister Svein Ludvigsen på eit folkemøte i Selje nyleg signaliserte at han er positiv til planane.

På synfaring

Fiskeridepartementet vil før sommarferien leggje fram ei stortingsmelding om tunnelen. Saka kan dermed bli avgjort tidlegast i haustsesjonen på Stortinget. I så fall kan det bli byggjestart i 2004. Fire år seinare kan dei første båtane segle trygt gjennom ein 1800 meter lang underjordisk kanal, og sleppe å gå over Stadhavet, eit av dei mest vêrharde havstykka på norskekysten.

Samferdslekomiteen skal i haust på synfaring til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Til Bergens Tidende seier nestleiar Ringstad at ho har bedt om at Stad-tunnelen blir sett opp som eit eige punkt på synfaringa.