Saksordførar Arne Sortevik, Frp, seier at han er svært glad for at endå ein milepæl er passert for dette viktige vegprosjeiktet.

I innstillinga har komiteen «merka seg» at Jondalstunnelen er eit viktig ledd i arbeidet med å modernisera stamvegsambandet aust-vest over Haukeli.

Komiteen legg vekt på at arbeidet med å få bygt tunnelen no vert ført vidare utan fleire utsetjingar. Transportkomiteen er også kjend med at de ligg føre fleire traseforslag for Jondalstunnelen, og at endeleg trasevalg vert gjort etter at det er henta inn anbod på dei ulike løysingane.