• Skal utbetringsarbeidet på vegen gjennom Aga koma i gang i 2004, må Stortinget utvida rammene for vegløyvingar til Hordaland.

Slik ser Per Steffen Myhren i Vegstellet på situasjonen etter at pengane til Aga-parsellen vart stroke i budsjettprosessen.

Som meldt i Bergens Tidende sundag, pønskar leiarane for mødreaksjonen i 1988, no bestemødrer, på korleis dei skal aksjonera for å få politikarane til å halda gamle lovnader.

— I samsvar med handlingsplanen for 2002ý2005, førte Vegsjefen i Hordaland opp 30 millionar kroner til Aga-parsellen på framlegget til statsbudsjett for neste år. For ytterlegare 30 millionar kroner skulle arbeidet fullførast i 2004, fortel Myhren.

Men i den vidare budsjettprosessen i Vegdirektoratet, departementet og regjeringa er løyvingane til vegbygging skore ned. Både Aga-parsellen på vestsida og framhaldet av rassikringsprosjektet på austsida av Sørfjorden har falle ut. Sistnemnde prosjekt kom inn utanom tur fordi det har rassikringsstatus og det mangla planar for prosjekt i Bergen som det var løyvt pengar til.

— Vi har no skrive til sentrale styresmakter at dersom Stortinget løyver meir vegpengar til Hordaland, så går vi inn for å prioritera Aga. Det er denne parsellen som står fremst i køen, seier Myhren til Bergens Tidende.