Høgre-statsråd Svein Ludvigsen la ikkje skjul på at han er positiv til planane om Stad skipstunnel, då han søndag kveld var med på eit ope møte om tunnelen i Selje. Men Ludvigsen understreka også at det er Stortinget som til sjuande og sist avgjer om det blir tunnelbygging.

På møtet opplyste fiskeriministeren at han i sommar vil leggje fram ei stortingsmelding om tunnelen. Stortinget blir invitert til å gjere vedtak før jul.

Midt på 80-talet

Det opne havstykket rundt Stad er eit av dei mest vêrharde og farlege i landet. I tidlegare tider blei mindre båtar dregne over land ved Dragseidet for å sleppe havstykket.

Av same grunn blei det midt på 80-talet lansert planar om å byggje ein 1800 meter lang tunnel for skip gjennom Stadlandet. Kanalen skal gå under Mannseidet frå Moldefjorden til Kjødepollen, der Stadlandet er på sitt smalaste.

Sidan første lanseringa har tunnelplanane vore på ørkenvandring i det byråkratiske og politiske systemet. No lovar Ludvigsen ei avgjerd. På folkemøte streka han under at folk no har krav på å få beskjed om sjøkanalen skal realiserast eller leggjast i skuffa.

900 millionar

På folkemøtet åtvara Ludvigsen mot tiltak som kan gjere tunnelen dyrare. Eit kostnadsdrivande tiltak som mange har ivra for, er å byggje tunnelen større, slik at også store båtar, eksempelvis Hurtigruta, kan nytte skipstunnelen.

Bygginga av tunnelen blei i fjor kalkulert til å koste 871 milllionar kroner. Når fleire politiske parti har vegra seg mot Stad-planane, er det ikkje tvil om ein kostnad på bortimot 900 millionar er viktigaste årsaka. Og fiskeriministeren legg ikkje skjul på at han fryktar stortingsfleirtalet kan vende tommelen ned på grunn av dei høge utgiftene.

Byggjestart i 2004

Dersom Stortinget gjer positivt vedtak før jul, kan byggjestart tidlegast bli i 2004. Det vil ta fire år å byggje tunnelen som skal ha ei breidde på 27 meter. Djupna skal vere på kring 12 meter under lågaste vassnivå. Frå vasspegelen og opp i taket blir det i overkant av 22 meter på full flo. Båtar på opp til 5000 brutto tonn skal kunne gå gjennom kanalen.

Trafikken gjennom tunnelen skal styrast frå trafikksentralen på Fedje. Årlege kostnader med drifta er rekna til 2,5 millionar kroner.