– Det vert pilotdrift i full skala av det nye billettsystemet vårt, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim til Bergens Tidende. Han avviser dermed at innføring av det nye billettsystemet er «i det blå», slik det står i BT torsdag 31. mai.

Også snøggbåtane i Sunnhordland vert utstyrte med det nye systemet, seier Vestrheim.

– Og når får vi nytt system i resten av Hordaland?

– Frå august 2008. Og vi har planlagt utplassert ca 80 billettautomatar på sentrale stopp. Dei aller fleste i Bergen, men og på sentrale punkt utanfor Bergen. Til dømes vil ein billettautomat plassert alt i haust på Leirvik.

I det nye billettsystemet skal busskorta førast forbi ein kortlesar, nett som ei vare med strekkode i kassen i butikken. Dersom det fungerer, vert det ei stor betring samanlikna med dagens automatar, som fyrst svel ned kortet, og deretter ofte tenkjer seg om både lenge og vel før dei gulpar det oppatt.

Dei nye korta som skal brukast, skal kunna fornyast på internett eller via mobiltelefon, seier Magnus Vestrheim.

Hordaland fylkeskommune er eigar og drivar av det nye billettsystemet, som vil kosta ca. 130 millionar kroner.