Sigarettar og tobakk for ein verdi av kring 50.000 kroner vart stolne under innbrotet i Coop-butikken i Olden.Innbrotstjuvane forsøkte også å bryte opp ein safe i butikken, men har gitt opp forsøket på å opne pengeskåpet. Politiet har få spor å gå etter i etterforskinga, og ber om tips frå publikum.