— Vi fann aldri smittekjelda. Sannsynlegvis starta utbrotet ved at menneske har hatt kontakt med eit dyr. Bakterien denne gongen var den same som under den såkalla piggsvinepidemien for vel ti år sidan, seier smittevernoverlege Øystein Søbstad i Bergen kommune.

Størst sidan 2001

Sommaren og hausten 2000 herja bakterien «salmonella typhirium» delar av Hordaland. Både i Bergen og kommunane rundt låg folk sjuke i ein epidemi som viste seg å stamme frå piggsvin. Året etter førte nok ein gong bakteriar frå piggsvin til epidemiske tilstandar, om enn i mindre omfang. Bikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus konstaterte 22 sjukdomstilfelle i august 2001.

Årets utbrot i Arna starta i slutten av august, og er truleg det største i Bergen sidan 2001. I alt 13 ungar og tre tilsette blei dårlege.

— Det er i alle fall fleire år sidan vi har hatt så mange infiserte. Vi har rapportert hendinga vidare til folkehelsa, seier Søbstad.

Vaske hendene

I barnehagen ved den store Janusfabrikken på Espeland i Arna går leiken som før. Rundt hentetid er det travelt. Foreldre kjem og seier hei, ungar går og seier ha det. På badet tek vatnet til å renne, ein krane er opna.

— Vi må hugse å vaske hendene godt, seier ein gut.

For aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Ungane har blitt flinkare med handhygienen.

Utbrotet starta med at ein unge blei sjuk. Så gjekk det nokre dagar før bakterien sende fleire andre heim.

— Nokre var dårlege med diaré eit par dagar. Andre fekk feber og var vekke bortimot to veker, fortel styrar Lisbeth Kallestad.

Feber og vondt i magen

Avdelinga på Espeland har 29 ungar, 13 av desse blei sjuke. Også tre av dei tilsette måtte halde seg heime.

Etter ein periode på bortimot tre veker var epidemien over. Då hadde barnehagen vore stengd ein dag. Det var fredagen rett etter at det var fastslått salmonella. Helga deretter blei bygget desinfisiert frå kjellar til loft. Så blei alle rutinar gjennomgått, og nokre nye innført.

— Den viktigaste endringa er at vi no brukar eingongshandkle i samband med stell, seier styraren.

Fem år gamle Celine var mellom dei siste som blei dårleg.

— Det starta med feber og vondt i magen. Så kom diaré med kraftige magesmerter innimellom. Feberen varte vel rundt ei veke, men det tok lenger tid før ho var heilt bra i magen, fortel mamma Cecilie Ryland.

Ikkje så gale

Celine var den einaste i familien som blei sjuk. Verken foreldra eller søskena blei smitta.

— Med det same eg fekk vite at det var salmonella, blei eg litt skeptisk. Men det blei aldri så gale som eg hadde frykta.

Både Ryland og barnehagestyrar Kallestad rosar smittevernetaten i Bergen kommune.

— Vi fekk veldig god informasjon om kva vi skulle gjere dersom ungane blei sjuke. Eg kjende meg svært trygg, seier Ryland.

Klassisk tilfelle

Ettersom det ikkje har dukka opp nye tilfelle sidan i første halvdel av september, reknar smittevernoverlege Søbstad med at situasjonen er avklara.

— Vårt råd i slike tilfelle er at dei som blir dårlege held seg heime så lenge sjukedomen varer, pluss eit par dagar ekstra. Normalt tek det kring ei vekes tid før folk blir friske, seier smittevernoverlegen.

Han karakteriserer utbrotet i Arna som eit klassisk tilfelle av kontaktsmitte.

— Ungar er lett mottakelege for smitte. Mange sjukdomar sprer seg ved at ungane tek på kvarandre.

UTBROTET ER TRULEG OVER: Styrar Lisbeth Kallestad har ikkje hatt nye sjukdomstilfelle på to veker.
FOTO: ODD MEHUS
ARNA FAMILIEBARNEHAGE: Her skjedde det største salmonellautbrotet i Bergen på fleire år.
FARLEG: Salmonella-bakterien kan gjere deg svært sjuk. I sjeldne tilfelle har han ført til dødsfall.
Wikimedia Commons