1. mai-komitéane på Stord og Bømlo presenterte saman eit breitt tilbod til dei som ønskte å feira dagen. Det var 1. mai-frukost, markering ved gruvearbeidarmonumentet på Litlabø, musikk og korsong og tilbod til ungane.

Harsellerte

SVs stortingsrepresentant Audun Lysbakken frå Bergen var hovudtalar både på Stord og på Olavskulen folkehøgskule på Bømlo.

Lysbakken harsellerte over høgreliberale økonomar som hadde lova «en ny vidunderlig verden» ved å sleppa marknadskreftene fri. Han kritiserte det nyliberale Noreg for å brutalisera arbeidsplassane med krav om høgare tempo og færre tilsette.

Audun Lysbakken trekte inn Frankrikes Jean-Marie Le Pen i omtalen av årets hovudtema for 1. mai-markeringa; rasisme.

— Dersom ikkje venstresida presenterer eit truverdig alternativ, vil vi slik som i tilfellet Le Pen få fram det mest motbydelege høgre på den politiske arenaen, sa Lysbakken.

Krev E 39 trailerfri

Av to lokale parolar i 1. mai-feiringa på Stord var kravet om å gjera E 39 trailerfri det mest overraskande. «E 39 trailerfri. Tungtransport sjøvegen» lydde parolen.