Stort kranselag for lita kyrkje
Modellen av gamle Vinje kyrkje er komen under sperr. Kransen er på plass, og vart feira med tidsrett gilde.
- Publisert: 09.mai.2008 12:30
- Oppdatert: 09.mai.2008 12:30
Med både prost og sokneprest på plass vart kranselaget i eldhuset til tradisjonsberar Ivar Husdal på Vinje ei blanding av kyrkjelege og verdslege tradisjonar.
Dei to kyrkjebyggjarane, Ivar Nesbø og Torstein Grevle, er begge keivhendte, men arbeidet går på ingen måte inn under omgrepet venstrehandsarbeid.
Dei er blant pensjonistane på Voss Folkehøgskule sitt kurstilbod i sløysalen.
Imponert prost
Modellen i storleik 1:20 er laga slik at han kan
plukkast frå kvarande og setjast saman att. Berre ein kjenner knepa og gjer
ting i rett rekkefylje. Dermed kan detaljar studerast nærare.
– Det er lenge sidan eg har vore så imponert, kommenterte Knut A. Knudsen, prost i Hardanger og Voss.
I samsvar med tradisjonen kom kransen på plass då alle taksperrra var montert, i dette tilfelle takstolar. Kyrkjebyggarane henta kunnskap frå Flåm kyrkje, som vart bygt på same tid, om korleis takstolane var konstruert.
Full storleik
Sjølv om dei ikkje vågar å seia det høgt, er det
liten tvil om at kyrkjenemnda gjerne vil bygga opp att den gamle kyrkja der
ho stod. Ein god den av det originale tømmeret er teke vare på, men
kyrkjebygging byr på praktiske og økonomiske utfordringar. Prosten sa det
slik;
– Vi har no sett ein modell for det som har vore, men han kan også vera ein modell for det som skal bli.
I sommar blir modellen ståande i eldhuset. Til hausten blir det gjerne laga interiør før modellen vert utstilt i nye Vinje kyrkje.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
-
KRANSESKÅL: Ivar Nesbø (t.v.) og Torstein Grevle skålar i flotte kjengjer som dei har laga sjølve. Arne Hofseth (Foto)
-
RØYKFRITT BÅL: Ivar Husdal kan kunsten med bålbrenning på grua slik at røyken går ut gjennom ljoren i taket, utan at heile eldhuset vert fylt av røyk. Arne Hofseth (Foto)
-
TRADISJON: Genealog Roald Lyngvær har skrive bok om den gamle kyrkja og og veit mykje om korleis dei heldt gilde i gamle dagar.
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Vegrapport
-
Rv 7
Hardangervidda
-
Ev 16
Voss - Trengereid
-
Ev 16
Voss - Gudvangen
-
Rv 13
Granvin - Voss, ved Skjervet
-
Ev 134
Jøsendal - Røldal, ved Seljestad
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 19:52 Mjeldes igjen
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.




























































