Raset, som gjekk no i føremiddag, skal også ha gått nær hus i området, men det er førebels ikkje rapportert om at bustadhus har fått skader.

Skredet gjekk ved Dale, inste garden i dalen som går austover frå Dalsøyra.

— Det ser heilt forferdeleg ut. Heile fjellsida har sklidd ut, fortel Solveig Dale til bt.no. Det har regna svært kraftig i området siste døgnet.