Overfor Bergens Tidende ønskjer ikkje underdirektør Kristian Heyerdahl i Aetat å kommentere den konkrete saka som står for retten.

— Men generelt kan eg seie at søkarane med jamne mellomrom skal framvise dokumentasjon på at dei følgjer den studieplanen som er lagt opp til, seier Heyerdahl.

— Har denne saka hatt konsekvensar for rutinane ved Aetat?

— Nei, vi har ikkje gjort endringar i våre rutinar sidan denne saka kom for ein dag, seier Heyerdahl.

Heyerdahl kunne i går ikkje vise til politimeldte saker der etaten meiner seg svindla for større beløp enn denne.

I fjor politimelde Aetat 952 saker, av desse var den største på 390.000 kroner. I 2000 vart 810 saker meldt, den største på 320.000 kroner. Vidare bakover i tid viste 1999-tala 773 saker og 480.000 kroner, i 1998 774 saker og 350.000 kroner og i 1997 1083 saker og største beløp 280.000 kroner.

— Eg kjenner ikkje til at vi har hatt større saker enn dette, og noko slikt har vi heller ikkje funne i dei datakildene vi har umiddelbart tilgjengeleg, fortel Heyerdahl. - Gjennomsnittet på dei sakene vi politimelder ligg stabilt rundt 36.000 kroner.