Største brann i moderne tid

Brannen på Sotra er truleg den største i Hordaland i moderne tid. Rundt 20 kvadratkilometer av øya er svidd av, seier rådmann Steinar Nesse i Fjell kommune.

Les også:

Storbrannen på Sotra er truleg også ein av dei største i Noreg.

- Ein sjettedel av heile arealet i Fjell kommune er svidd av. Dette er sjølvsagt den største brannen som har vore i Fjell nokon gong, seier Steinar Nesse.

Brannen på Sotra er åleine større enn det som plar vere den samla mengde skog- og utmarksbrannar i Noreg i eit normalår. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå brann det i snitt 13,8 kvadratkilometer skog og utmark her i landet i åra 1913-1989. I fjor brann «berre» 3,5 kvadratkilometer skog og utmark.

Fem gongar Fana-brannen
Brannen på Sotra er nær fem gongar så stor som storbrannen i Fana i 2003. I området mellom Dyngeland, Totland og Brattlandsfjellet vart 4,4 kvadratkilometer svidd av. Det vart av brannsjef Helge Eidsnes karakterisert som den største brannen i Bergen i moderne tid.

Den førre storbrannen i bergensområdet var i Hetlebakksåta i Åsane i 1974. Den dekte tre kvadratkilometer, og var til då den største brannen i Bergens historie.

Både brannen i Fana og Åsane skjedde i slutten av april. Dermed har alle dei tre største brannane i bergensområdet skjedd innanfor same 14-dagarsperiode i månadsskiftet april-mai.

Større enn skogbrannar
Elles i Hordaland kom den største brannen i nyare tid i Sveio, der fire kvadratkilometer brann ned i juni 1992.

Det som er rekna som dei største skogbrannane i Noreg skjedde i ved Elverum og Notodenn, båe i 1976.

- Dei var rundt 10 kvadratkilometer. Så når du byrjar å tale om 20, er det veldig mykje, seier takstsjef Ola Indergaard i Skogbrand forsikring.

Det som skil brannane i 1976 frå brannen på Sotra er at austlandsbrannane var skogbrannar, medan det på Sotra stort sett var lyngheiar som brann.

Og som lyngheibrann er ikkje Sotrabrannen den største. I april 2003, om lag samstundes med brannen i Fana, svidde ein brann av 25 kvadratkilometer lyngheier i sørvestre Rogaland. Nærmare bestemt Hauge i Dalane.

Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Relaterte bilder

FLAMMEHAV: Brannen svidde av en sjettedel av Fjell kommune. FOTO: Are Stensland

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger