Reinhaldsbedrifta har auka staben med nesten 70 tilsette på to år.

— Det er ei utfordring å få tak i folk, seier dagleg leiar Yngve Bryn. Då eigaren trekte seg ut av drifta, var det Bryn som fekk jobben med å få firmaet til å vekse. Og det har han klart.

Frå hovudkontoret på Husnes i Kvinnherad styrer Bryn eit firma som vaskar frå Nesbyen i aust, til Høyanger og Årdal i nord og Haugesund i sør. Gode tider gir god vekst i alle avdelingar, fortel Bryn, som har tilsett personalleiar og to regiondirektørar for å administrere den auka arbeidsstokken og arbeidsmengda.

Vask og reinhald var ei av dei første arbeidsoppgåvene som vart «sett ut», eller «outsourca» som dei heiter på forretningsspråket. Vibe Reingjeringsservice har dermed kunna svinga seg opp på at bedrifter slutta å vaske sjølve. Men Bryn har også tru på at offentlege bygg som skular og sjukeheimar kan bli ein stor marknad. Nett no reknar han på eit oppdrag for Os kommune, og frå før har firmaet jobben med å vaske for Bømlo kommune.

Men fagrørsla har engasjert seg mot at kommunale vaskejobbar skal privatiserast. Bryn trur den sitjande regjeringa vil bremse ei privatisering, sjølv om det er kommunane som avgjer.