— Det er heilt sjukt. Kvar gong eg kjører forbi der, så lurer eg på kva dei eigentleg driv med, seier Rolf Tenden, dagleg leiar i Tenden Transport i Stryn.

Han er ikkje aleine om å reagere på vegoppgraderinga der riksveg 5 frå Sogndal møter E39 i Sogn og Fjordane. Det er liksom ikkje måte på, er omkvedet blant trafikantene BT har snakka med.

Mange ulykker

Byggherren sjølv - Statens Vegvesen - er såre nøgd med prosjektet, som også vil gje kommunesenteret i Jølster eit heilt nytt ansikt.

Men E39, sjølve hovudvegen på Vestlandet, er ei brokete oppleving å kjøre. Best som du suser avgarde på finfin tofelts, kan du utan utan varsel råke inn i vegparti med tydelege slektsrøter tilbake til 1800-talet.

Gjennom åra har fleire dødsulykker skjedd i desse uventa overgangane i vegstandard langs denne hovudvegen.

Derfor reagerer mange på at storslegne nye enkeltprosjekt blir ståande i grell kontrast til vedlikehald og standard på stamvegen elles.

Rundkjøringa måler over 35 meter i ytterkant, og er det vegvesenet kallar ei mellomstor rundkjøring.

— Det er ingenting ekstra med dette krysset. Den er i tråd med vegnormalen for kryss mellom to stamvegar, fastheld prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Han peikar på at det er hovudvegar som møtest her, og meiner eit trearma kryss med avkjøringsfelt ville tatt større areal.

Kunst i sentrum

— Heile prosjektet skal koste 68 millionar kroner, og det held vi med god margn, seier Haugen.

Derfor er det også midlar til den kunstnarlege utsmykkinga inne i sirkelen.

Ikkje alle ser den same fornuften i pengebruk og prioriteringar rundt dette -og liknande prosjekt - av nyare dato. Leiarane for to av dei største transportselskapa i fylket, til dømes, skulle heller sett meir moderate enkeltprosjekt til fordel for fleire utbetringar og betre vedlikehald på dei mange elendige delene av stamvegen.

— Det er heilt sprøtt å svi av så mykje på ein enkelt plass. Hadde dei tatt litt av pengane til å utbedre eksempelvis E39 litt sør for Skei, ville det vore til mykje større nytte, meiner Arne Nistad, dagleg leiar i Nistad Transport i Gaular.

— Dette krysset skulle vi alltid ha kome oss trygt gjennom, sjølv om det var gjort litt mindre. Det er verre med dei vegane vi må kjøre på kvar einaste dag.

- Blir svimmel

Og kollega Rolf Tenden i Tenden Transport i Stryn lurer også på logikken i slike prosjekt.

— Det er til å bli svimmel av. Her ligg jo eitt av dei aller verste partia av E39 berre nokre hundre meter unna. Og der blir ingenting gjort, påpeikar Tenden.

— Dei lagar seg gedigne enkeltprosjekt, og misser alt anna ut av syne. Eg er heilt overgitt.

Ein annan transportsjef med nokre kilometer på baken, er direktør Bjørn Nordberg i Firda Billag:

— Vi såg ikkje noko problem i det gamle krysset på Skei. Eg ville heller prioritert å bygge normal vegbreidd langs heile Jølstravatnet, for det har vore mange ulukker langs denne strekninga. Det verkar rart å bygge så stort medan den dårlege vegen ligg urørt like ved, seier Nordberg, som styrer eit selskap med over fem millionar kilometer årleg berre innan fylket.

Uansett får bil- og busskjørande i framtida ei behageleg ferd gjennom Skei sentrum. På 40.000 kubikkmeter fyllmasse, i ei «nøkternt utsmykka», mellomstor trearma rundkjøring.

ODDLEIV APNESETH
ODDLEIV APNESETH