I den reviderte planen for trafikksikringsarbeidet legg difor samferdselsutvalet i Hordaland opp til auka satsing på trafikantåtferd.

Samferdselsutvalet tilrår å godkjenne den framlagde handlingsplanen for trafikksikringsarbeidet i Hordaland 2004-2005 og at denne skal reviderast for å kome i fase med nasjonal Transportplan 2006-2015.

Den gjeldande trafikksikringsplanen retta merksemd mot fysiske tiltak, trafikantåtferd og nullvisjonen. Den nye legg i enno sterkare grad opp til satsing på trafikantåtferd. Kunnskap om og registrering av trafikantåtferd skal bli lagt til grunn for iverksetjing av alle typar trafikksikringstiltak.

Samferdselsutvalet ønskjer, etter forslag frå Liv Glasser, SV, å oppretthalde aksjon skuleveg og ber fylkesadministrasjonen utarbeide ei sak om det. (Samrøystes tilrådd). Eit oversendingsforslag frå Bente Bondhus (SP) vart samrøystes vedteke oversendt fylkesadministrasjonen. Det går ut på å ta kontakt med Statens vegvesen om fotgjengarovergang (felt) i Korsneset i Kvinnherad, og få tilbakemelding om status for prosjektet.

Saka går vidare til fylkesutvalet 25. og 26. februar og til fylkestinget 16.-18. mars.