Fram til 1977 låg hjørnesteinsbedrifta i Fusa i Sævareid. Kartong— og pappfabrikken her vart grunnlagt i 1867, og Sævareid vart industribygda i Fusa. 1. mai var det klart og tydeleg for alle at Sævareid var noko anna enn resten av fusabygdene: Det vart flagga, det vart gått i tog og det vart feira.

Stor stas

”1. mai var verkeleg stas – da var større enn 17. mai i Sævareid då ei tid!” fortel Alfred Mjånes (f. 1929). Han byrja i fabrikken som 18-åring og minnest andakter i kapellet, fest i ungdomshuset, store matkomitear, store programkomitear og store pyntekomitear, smørbrød, kaker og skodespel.

Feiringa av dagen tok til samtidig med skipinga av fagforeininga Sævareid kartongarbeiderforening i 1938. Med unnatak av krigsåra vart dagen sidan markert heilt til 1976. Tog

I det første 1. mai-toget var det to parolar: ”For fridom og folkestyre” og ”Mot krig og fascisme”. Seinare vart det lite med parolar, men dei bar flagg og etter kvart fane. ”Me hadde både da rauda flagget og da norska flagget,” fortel ein gamal fabrikkarbeidar. Det raude flagget vart lagd bort rundt 1960. Sævareid Kartongarbeiderforening skaffa seg eiga fane til 25-årsjubileet.

”Da var veldig stor oppslutnad om toga: koner, born og heile bygda – anten dei var organiserte eller ikkje. Dei likte dette. Bøndene demonstrerte med å setja poteter,” minnest fabrikkarbeidar og bonde Hans H. Markhus. Ein utflytt sævareidfjording minnest frå barndommen: ”Adle ungane var med i toget. Da var sånn da var. Da var ikkje nåken diskusjon om da.”

Talar og Mikke Mus

Etter prosesjonen var det tale for dagen på varierande stemneplassar. Talarane kom utanfrå, og var gjerne stortingsmenn og partisekretærar frå Arbeidarpartiet, eller fagforeiningsfolk. Tog og tale var dei to faste innslaga i 1. mai-feiringa.

Programmet elles varierte litt frå år til år: Det var gudsteneste ved sokneprest Skauge i ungdomshuset ”Breidablikk” i 1950 – seinare i kapellet. ”Og so var da Mickey Mouse-film for oss små! Til tross for alle mulige kritiske holdningar til USA, so var Mickey Mouse med i gamle Breidablikk,” minnest Erlend Bergesen.

Det vert fortald om fotballkampar mellom funksjonærane og arbeidarane, og mellom arbeidarane og sanitetskvinnene. Og om kvelden var det tilstelling med underhaldning, spelstykke, mat og dans.

Feiring

Oppslutnaden om 1. mai minka utover på 1970-talet. I 1976 – året før nedlegginga av fabrikken, då ein skulle tru at arbeidarane verkeleg ville nytta denne kampdagen – var oppslutnaden så liten, at fagforeininga vedtok å ikkje feira dagen året etter. Kanskje låg forklaringa i at 1. mai meir hadde vore ein festdag enn ein kamp- og demonstrasjonsdag i Sævareid.

Bortsett frå den politiske retorikken i talane for dagen, og ein periode med det raude flagget, var det ikkje mykje som skilde denne feiringa frå 17. mai-feiringa.

1. maitog 1950.
Sigurd Hatletveit, LAF
Det første 1. maitoget på veg over Sandalsøyro i 1938.
Flyfoto 1962: Fabrikken dominerte bygdebiletet i Sævareid.Bileta er henta frå Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.
Widerøe, LAF
Fabrikkarbeidarane i Sævareid skipa fagforeining i 1938. Utdeling av medaljer for lang og tru teneste til medlemer i Sævareid Kartonarbeiderforening(SKF) på 1970-talet. Bak f.v. formann Olav Bårtveit, John K. Engevik, Bernt Nordbø, Knut L. Markhus (1899-1990), som var formann i over 20 år; Bård Fjellstad, fyrbøtar Emil Knutsen og ein representant frå Norsk Kartongarbeiderforening. Framme f.v. konene Magdele Engevik, Ingebjørg Nordbø, Olga Markhus og Matilde Fjellstad.