RANDI KVINGE

På det 250 kvadratmeter store uteområdet ved Såta bu— og servicesenter i Knarvik, har bebuarane på demensavdelinga sin eigen vesle fristad. Her dyrkar dei poteter, set opp hes, plantar blomster og sager ved.

— Dei som får plass på avdelinga vår treng meir enn tøflar og morgonkåpe. Her er vi ute heile året, og det aller viktigaste vi produserer er trivsel, seier Inger Fosse Dalland. Ho er miljøarbeidar på avdelinga, og passar på at alle får nok å gjera utandørs.

- Slit å pitla pote

I hagen er Anders Valaker i full gang med å grava i jorda. I vår stod 200 tulipanar i full blom på den vesle åkerflekken. No er den gjort om til potetåker. Jenny Medaas tek også i eit tak og mimrar attende til garden sin på Alver.

— Me hadde fleire åkrar med poteter, og det var eit slit å pitla pote og få dei i hus. Det var alltid mykje regn, og då er det ikkje kjekt å vera bonde, minnast ho.

Anders har allereie fått laus ein plante med greipa si, og dei første potetene kjem til syne.

— Dette må vera engelske poteter, men dei er ikkje mykje å skryta av, seier Jenny. Ho og Anders vert raskt einige om at plantane må få stå nokre veker til. I staden går dei bort til hesa som bebuarane har tørka høy på. Den er det på tide å fjerna. Anders tek tak i hesjestrengen og med kjende rørsler fjernar han strengen frå staurane. Dette har han gjort før.

Fridomsrøveri

Sansehagen har vore i bruk i fire år, og både brukarar, pårørande og personale er svært godt fornøgd.

— Avdelinga er ei skjerma eining som tidlegare var i andre høgda ved Knarvik sjukeheim. Der vart det vanskeleg for bebuarane å koma ut, og me opplevde at fridomen deira vart frårøva, fortel fagsjukepleiar i demensomsorg i Lindås kommune, Britt Soltveit Hansen.

Då avdelinga flytta til grunnplan ved Såtabu i 1999 fekk dei ein hageflekk utanfor, og ønskje om å legga til rette ein sansehage kunne realiserast. Personalet hadde tankar om utforming og innhald i hagen, og med god hjelp frå kommunegartnar Arne Martin Eknes vart hagen ferdig hausten 2000. Også deltaking i nettverksgruppe, leia av pådrivarar innan demensarbeid ved NKS Olaviken, gav inspirasjon.

— Det viktigaste kriteriet var at bebuarane skulle få gå ut i ein trygg hage når dei sjølv ønskte det. Hagen skulle også stimulera sansane, og gjera det mogleg for bebuarane å ta del i meiningsfulle og verdige aktivitetar, seier fagsjukepleiaren.

At trivselen i sansehagen reduserer medisinbruken, er også eit pluss.

No er hagen for lengst ferdig, og personalet har funne fram til bruksmåtar som fungerer.

— Hagen er lett å koma seg inn og ut av, den er tilnærma flat utan snublekantar, og det er umogleg å gå seg bort. Når bebuarane går turar på stiane, kjem dei alltid tilbake til utgangspunktet, seier Soltveit Hansen. Det er lagt vekt på at hagen ikkje skal opplevast som eit inngjerda område, men som ein tradisjonell vestlandshage med blomster og kjende reiskapar. Dei tilsette driv hagen sjølv, og den er bygd opp slik at den er lett å vedlikehalda.

Ulike aktivitetar

Miljøarbeidar Inger Fosse Dalland synest det er viktig å gje bebuarane kjensla av meistring.

— Her er livet framleis sanseleg, og gjenkjenning og sansestimulering er ein del av miljøterapien me nyttar. I hagen brukar personane lukt, smak, syn og hørsel. Prosessen er viktigare enn resultatet, og vi har lagt opp til aktivitetar som betyr noko. Å sjå på at andre gjer noko er også ein aktivitet, og for mange er det nok. Nokre liker å gå ut når det regnar, medan andre likar snø. Me kjenner bebuarane godt og lar dei få gjera det dei likar, seier miljøarbeidaren.

Glad i blomster

Jenny har funne tyttebærlyng i hagen, og minnast alt syltetøyet ho pleidde å laga.

— Eg har plukka mykje bær på Erstadfjellet, og det kokte eg og lagde syltetøy av, seier ho.

Jenny synest også tyttebærlyngen er fin å sjå på, og fortel om hagen ho hadde før.

— Heime på garden hadde vi mykje blomster i hagen. Eg planta alltid litt forskjellige sortar slik at det vart fargerikt og fint, fortel Jenny.

Arbeidsøkta i sansehagen er over. På vegen inn går Jenny forbi ei solbærbusk, og minner personalet på at den må ha mykje gjødsel.

— Eg er så glad i å vera ute, og her i hagen har eg det fint, seier ho og smiler.

ARBEIDER: Anders Valaker og Jenny Medaas likar godt å arbeida i sansehagen. Her hjelper dei kvarandre med å ta opp poteter frå ein liten åkerflekk.
LUKAR UGRAS: Reidun Hauge er glad i blomster. Her steller ho ei rosebusk i sansehagen.<br/>Foto: RUNE SÆVIG
GAMAL KUNNSKAP: Anders Valaker frå Kløve i Lindås har hesja mange gonger før, og det er ei lett oppgåve å fjerna strengen frå staurane.