— Kva gjer me for å betre situasjonen for innbyggjarane, det vil me ha svar på, seier Trude Brosvik, ordførar i Gulen. Ho har kalla Vest Tank og offentlege instansar inn på teppet.

Dei offentlege instansane fortset møtet etter at Vest Tanks tre representantar, Trond Emblem (styreleiar) Jostein Berland (dagleg leiar) og Karl-Jan Erstad (innleigd kjemisk konsulent frå Rådgjevande Agronomar) forsvant. Ingen av dei ville gje nokre kommentarar om kva som vart sagt på møtet, eller gje ytterlegare opplysningar om kva som var i tankane.

— Har ikkje folk rundt Sløvåg krav på eit svar?

— Ja, men det får dei seinare, seier Jostein Berland knapt, før han spring i bilen og køyrer vekk.

Det er ein og ein halv månad sidan eksplosjonen i Sløvåg, men framleis er det ikkje rydda opp i tankanlegget.

Det er heller ikkje klarlagt kva stoff som faktisk var i tanken som eksploderte for ein og ein halv månad sidan. Det ein veit er at har folk i nærleiken blitt plaga av lukta frå kjemikalane som ligg att, med tilhøyrande kvalme og svie i auge og hals.

Etter ordføraren si oppfordring, har SFT, Mattilsynet, kommunelegane i Gulen og Masfjorden, fylkeslegen i Sogn og Fjordane, leiarane i Vest Tank, pluss Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap, Kystverket og politiet samla seg i kommunehuset i Eivindvik. På møtet som starta litt over 12.00 vil kommunen ha klarlagt kva ein no kan gjere for å betre situasjonen for innbyggjarane.

— Me må samordne opplysningane me har frå dei ulike instansane, sa Brosvik før møtet tok til.

Frå Vest Tank vil kommunen få vite kva som kan dokumenterast av innhald på tankane. Problemet til no har vore at mykje dokumentasjon brann opp då tanken eksploderte. SFT har gitt Vest Tank ein frist til i morgon for å komme med ytterlegare opplysningar om innhaldet i tanken.

Etter Folkehelseinstituttet si vurdering er det likevel ingen helsefare for innbyggjarane, ut over plagene med stanken. Instuttet har vurdert analyseresultat av luftprøvar tatt i området to til tre veker etter eksplosjonen. Denne viser så små mengder av merkaptan, eller svovelforbindingar at det ikkje er helsefare. Men små mengder av dette stoffet gir likevel sterk lukt.

VEGAR VALDE
VEGAR VALDE