I sørvestleg kuling viser byggmeister Ole Stenbakk byråkratar frå departement, direktorat og fylkesmann rundt i eitt av dei mest omstridde hyttebygg i landet. Nokre titals meter frå land ved Stenbakks eigedom Bugta i Vågane ligg prototypen på ei hytte byggmeisteren vil byggje fleire av. I same området to til.

Medan ei hytte normalt ligg på land, har Stenbakk bygt 70 kvadratmeter over to etasjar ute i vågen. Bygget flyt på 18 flottørar, og er oppankra med betonglodd som er festa til hytta med kjettingar. Flytehytta får ei «strandlinje» på rundt 40 meter, og har til saman over 50 kvadratmeter terrasse. Terrassen inneheld større uteplassar i tre retningar, den eine arbeidsplass spesiallaga for fiske. Inne er det soveplassar til seks personar, stove, kjøkken og bad i luksuriøse omgjevnader.

Paradoks

— Hadde eg søkt om å få byggje ut eit hyttefelt på land, hadde eg fått ja tvert. Vegbygging, skyting, kloakk, alt hadde gått gjennom. Men når eg byggjer ei hytte på sjøen, og gjer det så miljøvennleg som råd, endar det opp i regjeringa. For meg er det eit stort paradoks, seier Stenbakk i det han viser Nils Yndesdal frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rundt i den flytande fritidsbustaden.

— Men du også ser vel at ei slik plassering i strandsona er svært kontroversiell, parerer Yndesdal.

— Ja, eg kan sjå det. Men det eg ikkje kan forstå er at din avdeling ikkje har tatt med noko av det som trass alt er positivt med dette prosjektet, svarar Stenbakk.

Det er i bruken av strandsonen konflikten ligg. Miljøvernavdelinga har lagt ned motsegn, det sterkaste verkemiddelet dei kan ta i bruk for å stoppe ein slik plan. Berre for å oppleve at sjefen for miljøvernavdelinga, Fylkesmannen, går mot dei. Men også Fylkesmannen innser at «hyttefelt» i sjøen er kontroversielt og prinsipielt, og har difor bedt Miljøverndepartementet ta avgjerda.

Lokal strid

Lokalt har Stenbakk støtte i kommunen, som ser dette som ein sjanse til vekst. Ole Stenbakk ønskjer å setje i gang produksjon av hyttene for sal. Det kan bli nokre arbeidsplassar av slikt. I kommuneplanen har Bremanger lagt ut tre avgrensa område til byggjeområde for flytande hytter.

Men hos Stenbakks naboar er tiltaket lite populært.

— Det er ikkje lett å kome ny til ei bygd, seier Stenbakk i det han helsar ein av grannane, Magne Kjerpeseth, velkomen i hytta.

Eit samla grunneigarlag i området har engasjert seg kraftig mot hyttene hans.

— Dette hindrar den frie ferdsla i strandsonen, seier grunneigar Magne Kjerpeseth.

Akvacamp

Frå byråkratane i departementet kom det, som venta, ikkje eit einaste signal i går.

— Først skal Direktoratet for Naturforvaltning kome med ei fråsegn. Kor tid vi kan ha trekt ein konklusjon er vanskeleg å seie noko om, men det vil nok ta nokre månader, seier rådgjevar Marit Tofte

Ole Stenbakk sjølv har store planar. Han snakkar om akvacamp som ei ny form for ferie.

— Vi kan sjå føre oss at nabokommunane legg ut liknande område. Dersom hytteeigarane blir einige, kan dei byte «hyttetomt». Desse bygga er svært enkle å slepe, seier Stenbakk.

I sommar skal han leige ut hytta. Så langt har det gått over all forventning. Mellom anna skal tre brudepar tilbringe bryllaupsnatta med saltvatn på alle kantar.

Men i utgangspunket er hytta til sals. Prislappen er 1,2 millionar.