– Vinden i dag er av det kraftige slaget. Det er observert full storm fleire plassar, seier meteorolog Stig Arild Fagerli ved Storm Weather Center.

Utanfor Florø har det i formiddag blåst full storm i lengre periodar. På Ytterøy utanfor Florø er vindstyrken registrert til 25 meter i sekundet. Også i Nordfjord er det registrert full storm. Vinden vil halde seg sterk utover dagen, og aller verst blir det på Stad.

– Her kan det bli sterk storm, varslar Unni Nilsen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Det er den nest kraftigaste vindstyrken på skalaen, berre etterfølgt av orkan.

Sørleg vind

«Sterk storm» gir ofte grunnlag for ekstremvarsel, men på grunn av vindretninga er det ikkje aktuelt i dag. Fordi det bles frå sør, er ikkje vinden like øydeleggjande.

Statsmeteorologane har likevel gått ut med eit «OBS-varsel». Yr.no varslar sørleg sterk kuling sør i Hordaland, og liten storm nord for Bergen. I Sogn og Fjordane er det venta sørleg stiv kuling utsette stader og full storm på kysten.

Stig Arild Fagerli ber folk som ferdast yttarst langs kysten, om å vere forsiktig.

Problem

To bilhengarar velta midt på Sotrabrua tidlegare i dag. Vinden var då oppe i 20 sekundmeter, heilt i grenseland for når brua skal stengast.

I Ytre Solund er skyssbåten «Tornerose» innstilt på grunn av sterk vind, og i Sunnfjord er det meldt om enkelte straumbrot.

Først utover natta vil vinden trekkje seg tilbake. Men i morgon er det venta ein ny periode med storm på Nordvestlandet, verst vil det bli på Sunnmøre og Stad. Det skuldast fleire lågtrykk som kjem inn over Skandinavia.

2211-TIPSER
2211-TIPSER
BERGENS TIDENDE