— Det er godt å sjå storlaksen gå forbi, seier Mark Brooks.

Optimisme

Sist laurdag opna den kilometerlange strekninga Per Hjermann jr. eig frå fjorden og oppover. Alt dagen etter tok Oslo-mannen Petter Engelstad første laksen utanom stamfisket, ein rugg på ti kilo. Men større optimisme skapte det at fleire storfiskar blei sett i dei stille hølane ned mot fjorden.

— Eg såg sjølv åtte laksar. Nokre av dei var skikkeleg store, seier Brooks.

Han organiserer årets laksefiske i den gyroinfiserte elva. Kommande søndag opnar resten av Lærdalselvi.

Pengar til fond

— Alle pengane vi får inn på fisket går inn i eit fond og skal brukast for å berge elva, opplyser Brooks. Han legg til at det nok er ein god del billegare å fiske no enn før gyroen slo til. Då var Lærdalselvi kjend som den kanskje mest eksklusive norske lakseelva med kong Harald, prins Charles og eit stort knippe norske og utanlandske millionærar og kjendisar på fiskelista.

Tidlegare i veka var Mark Brooks og andre lærdølar i full gang med å fiske stamfisk ved Bjørkum. Så langt i år har ikkje fisket etter stamfisk vore det beste. Fem fiskar er tatt. Dess meir gledeleg då at ein god del laks no ser ut til å vere på veg opp i elva.

Smitte alt i 1996

Gyrosmitten blei første gong påvist i 1996. Året etter blei elva under sterke protestar behandla med giftstoffet rotenon to gonger. Alt liv i elva blei drepe. Men i lag med at anna liv kom tilbake, kom også parasitten.

No jobbar forskarane med andre metodar for å rydde ut gyroen. Mellom anna er det gjort småskala forsøk med å bruke aluminium.

— Dei opplysningar vi har fått er at resultata er gode. I haust kan det bli sett i verk eit større forsøk i ei av sideelvane, opplyser Mark Brooks.