— Med denne kontrakten er me sikra full sysselsetjing for våre vel 70 tilsette på Fitjar og Halsnøy fram til levering i ok-tober 2002, seier dagleg leiar Tore Vik i Fitjar Mekaniske Verksted.Verftet på Fitjar med dokkavdeling på Halsnøy i Kvinnherad kunne fredag notera ein ny stor jobb i ordreboka. Verftet har inngått kontrakt med eit Bodø-reiarlag om bygging av eit hav-gåande fiskefartøy for snurpe-fiske og tråling. Skroget skal byggjast i Vyborg i Russland, og om bord i den nye fiskebåten skal det installerast fabrikk for file og rundfrysing.- Det er andre nybygget dette Bodø-reiarlaget tingar hos oss i løpet av to år, noko me ser som svært gledeleg, seier Tore Vik.Det 75,4 meter lange og 14,6 meter breie fartøyet er designet av Fitjar-firmaet Vik-Sandvik AS, som skal levera alle teikningar og teknisk dokumenta-sjon.- Me kjem ikkje til å tilsetja fleire folk på grunn av dette oppdraget, men vil nytta ei rekkje lokale underleverandørar, seier Tore Vik.