Tilrådinga i ein rapport frå konsulentfirmaet PricewaterhouseCoopers (PwC) er krystallklar; både innbyggjarane, lokaldemokratiet, tilsette og busetnadsmønsteret vil alle tene på at det blir ein kommune i indre Sunnfjord.

Folkerøystinga avgjerande

Det einaste som kan hindre denne storkommunen, som vil få 20.000 innbyggjarar, er eit eventuelt nei-fleirtal i den rådgivande folkerøystinga.

PwC-rapporten om storkommunen i Sunnfjord er laga på oppdrag frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane og dels betalt med statlege midlar frå Kommunal— og regionaldepartementet.

— Denne første delrapporten slår fast at ein berre i administrasjon vil spare inn 12 millionar i året. I tillegg vil innbyggjarane ved samanslåing merke mindre til redusert tenestetilbod enn om dei fire kommunane held fram som i dag, seier rådgivar Ragnhild Fjærestad hjå fylkesmannen til Bergens Tidende.

— Fylkesmannen legg då til grunn det vi veit om den økonomiske utviklinga i kommunesektoren i åra framover, seier ho.

Mindre skepsis

Det er i løpet av det siste halve året kome klare politiske signal frå dei fire kommunane som viser minkande skepsis til at indre Sunnfjord blir ein storkommune. Talet på tilhengarar i dei politiske miljøa har auka, alt før samanslåings-tilrådinga frå PwC kom.

Ifølgje Kommunaldepartementet vil det vera naturleg å halde rådgivande folkerøysting i dei fire kommunane i samband med kommunevalet i september. Framdrifta blir deretter handsama i dei fire nyvalde kommunestyra, altså etter folkerøystinga.

Ei samanslåing til den desidert største kommunen i Sogn og Fjordane kan tidlegast, ifølgje departementet, skje frå 1. januar 2005.

Statlege arbeidsplassar

I ei tid då oppgåver frå stat og fylke skal leggast over til kommunar er storleik på kommune ein viktig plussfaktor heiter det slutt i PwC-rapporten.

I eit brev til fylkesmannen frå kommunalminister Erna Solberg i desember i fjor heiter det:

— Kommunar som ønskjer nye statlege arbeidsplassar må leggja opp ein strategi som syner at dei vil vera gode lokaliseringsstader. Dei må framstå som attraktive og robuste, skriv Solberg.