To tilsette ved Luftambulansen har i lengre tid plaga kvarandre med tidligare prestasjonar.

Legen Øyvind Thomassen har gått Norge på langs på ski, mens redningsmannen Arne Sveinhaug var profesjonell ishockeyspelar i Canada.

Han er grundig lei av å høyra om den store skituren og kallar legen ein pilletrillar.

Konflikta mellom dei to har vore uløyseleg med berre ord. At usemja også har eit element av profesjonsstrid, pressa fram det endelege oppgjeret.

Venner igjen?

20 liter vatn skulle berast opp på Ulriken for å tømmast ut. Tre gonger. Den som kom først ned etter den tredje turen var vinnar.

Mens lattermilde kollegaer stod klare med helikopter for å henta dei to kamphanane ned frå fjellet, pakka dei vassdunkar i sekkane og gjekk i veg. bt.no tok bilen opp til Montana, der dei to gjekk pratande i rask gange.

Dei var nesten blitt venner igjen på turen, meinte dei. Men det vannvittige løpet skulle likevel fullførast.

Rykka frå

Etter andre vassfylling ved Luftambulanse-basen overraska redningsmann Sveinhaug med å jogga frå legen. Thomassen klarte ikkje å henga med. Allereie ved Barneklinikken var luka blitt på fleire hundre meter.

— Ingenting er avgjort, peste den strie legen.

Men der tok han nok feil. Etter fem og ein halv time kom dei to i mål med omtrent fem minuttars mellomrom. Redningsmann og vinnar av manndomsprøven, Arne Sveinhaug, hadde gjennomført tredje runde med krampe i beina, men var likevel glad og angra ingenting.

Lege Øyvind Thomassen var også ganske kort i skritta inn mot målstreken. Med sine siste krefter la han seg flat for vinnaren og spurde om han kan få revansj til neste år.

JO HJELLE
JO HJELLE