Jernbanefolk og innleigde entreprenørar på ei rekke fagfelt skal jobba raskt og konsentert i natt. Ved 12-tida sundag skal det vera klart spor ved plattforma på den brannherja Hallingskeid stasjon på Bergensbanen.

Skreddarsaum

Dei største jobbane har line— og leidningsfolka. På lina skal det setjast inn ein flunkande ny veksel i austre enden av stasjonsområdet. Ingen brukt veksel som passa i denne svingen var å oppdriva, og det måtte byggjast ny etter skreddasaum. I går vart han klargjort for innmontering på rett plass, og 80 tonn pukk vart tilkøyrt.

Vekselen blir liggande utan snøoverbygg i vinter, og jernbaneverket er budd på at ein del kryssingar (møtande tog passerer kvarandre) må flyttast til Fagernut stasjon inne i Finsetunnelen, slik løysinga har vore etter brannen.

Buss for tog

Leidningsfolka skal opp med ny køyreleidning. Master er reist, og mykje klargjeringsarbeid er gjort unna.

Også signalfolka har nok å henga fingrane i. Sjølv om deira anlegg ikkje er like ruvande, er dei avgjerande for togframføringa.

Siste tog som får passera før mannskapet trør til verks, er sykkeltoget frå Bergen. Etter ruta skal det vera på Hallingskeid klokka 18.42 i kveld. Same toget frå Oslo blir det første som kjem til den nyopna stasjonen sundag. Etter dispensasjon frå Jernbanetilsynet får det også lov til å stoppa ved den 75 meter lange plattforma, klokka 11.27 om tog og arbeidsfolk held ruta. Den 66 meter lange plattformkanten av betong overlevde brannen. No er 11 meter skøytt til i treverk, langt nok til lokaltogsett. Dermed kan også syklistar vestfrå nå Rallarvegen på Hallingskeid, med Åltoget frå neste helg.

Vestgåande ettermiddagsekspress i dag er innstilt mellom Finse og Myrdal., men det er sett opp buss mellom Ål og Voss. Tilsvarande ordning gjeld for Morgonekspressen frå Bergen sundag.