På Voss har firmaet T. Øvsthus og Sønner AS hatt fullt opp å gjere med å fylle opp tomme brønnar sidan lenge før jul.

— Mange som ikkje er tilkopla kommunale vassverk, har store vanskar. Både gardbrukarar og private hushaldningar med eigne brønnar har fått merke kulden og tørken, seier Arne Gjelsvik som har hatt ansvaret for utkøyring av vatn.

Firmaet driv normalt med mjølketransport i Voss, og brukar dei store tankvognene til å frakte ferskvatn. Alt i månadsskiftet oktober/november merka dei at mange brønnar var i ferd med å gå tomme.

— Eigentleg er dette ganske uvanleg. Normalt er det i lange tørkeperiodar om sommaren vi har hatt denne typen utkøyring før, seier Gjelsvik.

I gjennomsnitt blir det eit par turar kvar kveld. Den mest hektiske dagen så langt var sist onsdag. Då køyrde dei åtte turar.

Ikkje minst mjølkeprodusentar har stort forbruk av vatn. Kyrne drikk svært mykje, og i tillegg går også store mengder vatn til reinhald av utstyr.

— Vi har eksempel på gardbrukarar som snart har fått tilkøyrt 100.000 liter.

Over heile Vestlandet er problemet det same. Ein som har merka det godt er Jon Terje Brustugun, dagleg leiar i Brustugun Brønnboring i Skjåk. Firmaet hans borar etter grunnvatn, og har hatt mange oppdrag i områda frå Sognefjorden i sør til Romsdal i nord.

— Pågangen har vore uvanleg stor. Veldig mange er vasslause. Vi har ein rigg i drift, og den har gått for fullt i heile vinter.

Derimot ser dei kommunale vassverka ut til å greie seg bra. Enkelte plassar har det vore vanskar, og i Balestrand var det ei stund kritisk.

— Vi har inntaket i ei elv. Det gjer oss veldig sårbare i kulde- og tørkeperiodar. Tilsiget blir rett og slett vekke. Men dei siste dagars mildvêr har retta på situasjonen, seier Åge Skrede i kommunen.