— Kulturlandskapet i Hardanger har i seg sjølv like høg verdi som den maten bøndene i dette distriktet produserer, sa landbruksminister Lars Sponheim då han i går ettermiddag opna den nordiske kulturlandskapskonferansen i Ulvik.

— Dette landskapet er resultat av bøndene sitt arbeid, problemet er at vi ikkje tenkjer på kulturlandskapet som eit produkt vi er stolte av. Vi må venja oss til å sjå på kulturlandskapet som ein ressurs som kan vera med på å skapa ny aktivitet på bygdene.

— Landbruket bør i framtida blant anna tilby opplevingar og vera ein kunnskapsbase for temaet menneske-natur-kultur. Ikkje minst bør bøndene tilby byfolk i nærområdet matopplevingar av høg kvalitet.

Sponheim meiner folk i nærområdet og utflytta ulvikjer på besøk, alt i dag legg att meir pengar i fruktkommunen enn turistane gjer.

Landbruksministeren varslar ei omfattande systemendring som vil gje større merksemd til kulturlandskapet. Frå og med i år må kvar gard laga ein miljøplan som dokumenterer dei ressursane som er på bruket.

— Dette vil auka medvitet hos bonden og gjera han meir stolt av det han har, håpar ministeren, som fortel at han sjølv nyleg har rydda skog på sauegarden sin og funne steingardar han aldri har sett før.

I dag blir det brukt kring 3,5 milliardar kroner til pleie av kulturlandskapet, frå no av vil kommunar og fylke få ansvar for fordelinga av ein stor del av desse midlane. Det vil skapa eit større lokalt engasjement, trur Sponheim.

— Tilhøva er ulike og verkemidlane skal tilpassast lokale behov, seier han, og ber dei 150 konferansedeltakarane hjelpa til med å tenkja nye tankar om korleis kulturlandskapet best kan forvaltast i framtida.

Lars Sponheim har teke initiativ til at det verta laga ein felles nordisk strategi for denne delen av landbrukspolitikken.