— Han har fått svært store skader i begge beina, men har det etter forholda bra, opplyser vakthavande lege på ortopedisk avdeling på Førde sentralsjukehus, Svenning I Lida. - Han ligg framleis på intensivavdelingen, men det er ikkje snakk om livstrugande skader.

Minst tre svære steinblokker dundra ned i vegen på riksveg 5 Kjøsnesfjorden fredag formiddag, da den 19 år gamle elektrikarlærlingen kom køyrande i firmaets Toyota Hiac. Han var på veg ut til ein jobb saman med sjefen, som kjørte i ein annan bil like framfor.

Ei av steinblokkene traff førarhuset på Toyotaen, og knuste frontpartiet og motorrommet heilt flatt.

Hadde bilen vore berre nokre centimeter lengre framme ville 19-åringen ha blitt trefft i overkroppen og ikkje berre beina. Han sat fastklemt i vraket i ein time før redningsmannskapa klarte å få han ut. Deretter vart han frakta til sjukehus i Førde med helikopter.

I mai 1999 omkom ein annan ungdom i eit steinras mindre enn hundre meter unna plassen der raset gjekk fredag formiddag. Ein 18-årig passasjer på ekspressbussen til Oslo omkom da ein stein slo gjennom sideruta i bussen og traff han i hovudet.

Vegvesenet meiner at rasfaren ikkje er spesielt stor på strekninga akkurat no, men har faktisk punktet der ulykka skjedde fredag på ei prioriteringsliste over plassar som skal rassikrast.