— Det har vore eit ufyseleg vêr i heile natt. Det byrja seint i går kveld, med fleire drønn av nokre torebrak. Deretter kom ein heilt ekstrem regnskyll. Bøtteregnet haldt fram natta gjennom. Men i dag tidleg skein det opp att, og no er det retteleg fint, seier lensmann Reinhardt Sørgård ved Vågsøy lensmannskontor til bt.no.

Han har i formiddag hendene fulle med meldingar om naturskadar.

— Førebels er det registrert 25 forskjellige skadar. Og det berre renn på med nye meldingar, seier lensmannen.

Verst ramme er eit bustadfelt i Vedvik. Der er ein heil veg skylt vekk med regnvatnet. I Refvik har eit stort jordras drege med seg minst eit naust ut i sjøen.

— Det har vore ein god del ras. Det går ein del sauer i områda, og me fryktar at mange av desse dyra er tekne av rasa, seier Sørgård til bt.no. Lensmannen fortel òg at minst fem kjellarar sto under vatn i morgontimane.

— I føremiddagstimane har folk freista å berge ut av hus det dei kan.

Uvêret i Vågsøy har vore veldig lokalt.

— Det er helst nord på Vågsøy regnet har slått i mark, seier lensmann Sørgård.

— Gjer rasfaren det farleg å ferdast på vegane i området?

— Nei, ikkje førebels.

Lensmannen vågar ikkje spekulere i kor mange millionar kroner som er vaska vekk.

— Men det er heilt klart snakk om store summar. Vi startar å taksere øydeleggingane i morgon. Så får vi sjå kva sluttsum vi landar på.