Ei gransking Bergens Tidende har gjort i alle kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane viser enorme prisskilnader for skulefritidsordninga. I kommunar med dei dyraste ordningane kostar det nesten tre gonger meir å betale for ein unge enn i Modalen.

Og også sjølv om den rike kraftkommunen i Nordhordland og andre meir velståande vestlandskommunar blir haldne utanom, er det svært store skilnader. I Fjaler, Naustdal og Radøy kostar full plass i SFO rundt 1000 kroner. I Austevoll, Bømlo, Førde og Gulen er det dobbelt så dyrt, tett opp under 2000.

Gjorde ein tabbe

Austevoll, som har eit av dei dyraste SFO-tilboda i BT-granskinga med 1975 kroner månaden for heil plass, skrudde opp prisen for tre år sidan. Politikarane tok hardt i. Dei la på brukarbetalinga med 70 prosent. Resultatet blei at halvparten av ungane forsvann over natta.

— Det var ein tabbe. I dag er det vel ikkje tvil om at vi den gongen var for ivrige etter å auke betalinga. Tilbakemeldingane frå foreldra var i alle fall klar. Det blei eit tilbod dei tykte var for dyrt, seier skulesjef Karl Johan Haugland.

Skuleadministrasjonen i Austevoll har prøvd å få sett prisen ned att, men den politiske viljen har ikkje vore til stades.

— Problemet var at vi trudde kommunen ville få eit statstilskot som svarte til det vi fekk for barnehageplassar. Men realiteten var at vi fekk langt mindre. I dag får vi 80.000 kroner. Det rekk ikkje langt, seier Haugland som har følgjande kommentar til at tilskotet frå hausten skal inn i ramma:

— Vi får berre håpe vi finn det att.

Billig i lutfattige Naustdal

Sunnfjord-kommunen Naustdal, ein av dei fattigaste i Sogn og Fjordane, har gått stikk motsett veg. Der kostar heil plass 1000 kroner månaden.

— Vi har prøvd å halde prisane både i SFO og barnehage så låge som råd. Det er sosialt rettferdig, seier leiar i komité for oppvekst og kultur, Håkon Myrvang.

— Kva meiner du med det?

— Barnefamiliar er ikkje dei som har best råd. Vi har heile tida prøvd å halde fokus på at vi skal leggje til rette for dei. Dei veletablerte er betra rusta til å møte auka prisar. Mange vil sikkert kalle det vi gjer subsidiering, men eg ser ikkje slik på det. Eg vil kalle det fordeling.

Men kor lenge Naustdal vil klare å halde så låge prisar, er Myrvang usikker på.

— Vi er ein kommune som slit med forferdeleg dårleg økonomi. Det er veldig lett for kommunar å hente inntekter gjennom brukarbetaling. Men eg er ikkje sikker på om det alltid er det beste.