Det vert ein god del til vedlikehald, men fint lite å byggja nye vegar for i og rundt Bergen dei neste 10-12 åra.

I alle fall dersom vi skal leggja til grunn Statens vegvesen sitt forslag til Nasjonal Transportplan for perioden 2010-2019.

— Dette er noko av det verste eg har sett. Aldri hadde eg drøymt om at noko slik kunne henda, seier ein opprørt ordførar Nils Marton Aadland i Meland.

— Dette er ein katastrofe for vår region. Kva skal vi med ei slik regjering. Ho må skiftast ut, seier byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland.

— Dette er hakkande gale og totalt øydeleggjande for Os og Bergen og næringslivet på Sandsli og Kokstad, seier Os-ordførar Terje Søviknes.

Men alle desse tre, to frå Framstegspartiet og ein frå Høgre, lovar beinhard politisk kamp for å få ting på plass der dei høyrer heime.

Ein tung dag

Vonbrotet er særleg stort i Os og Bergen. Der har planane kome langt. Den siste reguleringsplanen, for Rådalskrysset, vart vedteken i Os og i Bergen før jul. Bompengesøknaden er og ferdig utforma, med 50/50-fordeling mellom bompengar og stat som mål.

Det var rimeleg å tru på anleggsstart i 2009, og snorklipping i 2013. Vert forslaget frå Statens vegvesen vedteke, må dei venta på dette til 2019.

Leiar for strategistaben i Statens vegvesen Region vest, Inge Alsaker, forklarar at Statens vegvesen har ganga vegbudsjettet for 2007 med ti. Då har dei rammene for perioden 2010-2019, og dei er tronge.

Innanfor dei rammene forklarar Inge Alsaker kvifor det er naudsynt å bruka meir pengar på vedlikehald enn på investeringar. Hordaland har større etterslep enn nesten alle andre fylke i landet på vedlikehald.

Statens vegvesen meiner at det ikkje er forsvarleg å fordela pengar frå vedlikehald og over til investeringar.

Slutt på endelause køar

Men då trengst det ei auka totalramme, slik at ferdig planlagde vegprosjekt kan setjast i gang og gjerast ferdige innan rimeleg tid.

— Vi har ved fleire høve gjort det klårt overfor Samferdsledepartementet kva som trengst av investeringsmidlar, seier Inge Alsaker.

Rådalskrysset, som var ein del av vegprosjektet mellom Rådal (Lagunen) og Os, er noko av det som Statens vegvesen her vest har streva mest med å finna ei løysing på.

Tunnelar under Sørås skulle avlasta vegen forbi Lagunen og gjera slutt på dei endelause køane i området.

Tverrpolitisk front

— Vår jobb lokalt i Os, Bergen og Hordaland fylkeskommune vert no å skapa ein tverrpolitisk front for å få endra NTP 2010-19, slik at E39 kan realiseres som planlagt, seier Terje Søviknes.

Meland-ordførar Nils Marton Aadland er samd. Han kjempar for Nordhordlandspakken; ei samling vegprosjekt i Nordhordland pluss Nyborgtunnelen på E 39 frå Nordhordlandsbrua til Nyborg i Åsane. Kommunestyra i Nordhordland skulle no i slutten av januar ha planen oppe til ny handsaming etter at fylkestinget i fjor haust sende planen attende.

— Eg vil rå kommunane til å handsama Nordhordlandspakken slik som planlagt, seier styreleiar i Regionrådet for Nordhordland, Håkon Matre.

— Vi må hugsa at den politiske handsaminga av Nasjonal Transportplan kjem våren 2009, rett før valkampen startar. Det er eit gunstig tidspunkt for å oppnå politiske resultat, seier Matre.

MANGE ÅR MED KØ: Ny vei mellom Bergen og Os står ikke ferdig før i 2019. Det betyr fortsatt kø for bilistene som bruker trafikkerte E39.
Høvik, Tor