Store mannehender stiller opp bittesmå krigarar til slag. Den erfarne miniatyrspelaren Ørnulv Hallbing har kome frå Oslo og førebur no det store slaget mot troppane til 13 år gamle Eirik Rognø. Ørnulv skal prøva å slå seg gjennom forsvarslina til Eirik med halve styrken sin. Eirik skal ved hjelp av terningar og sine figurar syta for at så ikkje skjer.

Taktikk

Det handlar om taktikk og om val av posisjonar, figurane skal helst plasserast slik at fienden ikkje kan skyta dei eller ta dei på annan måte. Terningkast bestemmer kor langt figuren får flytta seg og om den som skyt, treffer målet. Nye terningkast avgjer i kva grad kamphanane vert såra eller drepne.

Ein spelar stiller med kjempesterke troll for å skremma motstandarane. Ein med ein diger elefant. Figurane er måla og dekorerte etter alle miniatyrspelkunsten sine reglar.

— Difor er dette er fin hobby. Vi kan bruka ein halvtime på å måla figurar eller vi kan avtala å spela ein heil kveld, seier Joakim Garmann, ein av kring 50 medlemer i den nyskipa klubben i Bergen. Kvar torsdag møtest 25 til spel, mat og prat på Taverna Sokrates i Kong Oscarsgate.

Avansert terningspel

I går spela dei miniatyrspelet til Ringenes Herre. På slagmarka stod heltane frå filmane. Legolas, Aragorn, Gandalf og Saruman. Der var orkar og alvar.

— Det er som eit litt avansert terningspel dette her. Det hjelper å vera tolmodig og det handlar om tal, om vurdering av kva som er sannsynleg, om å velja dei rette kombinasjonane, plassera troppane rett og få heltane til å gjera det rette, seier Joakim som vedgår at dette er ein hobby for nerdar. Men spesielt krigerske av seg er dei ikkje, meiner han, sjølv om alle mimiatyrspel handlar om krig.

I POSISJON: Ørnulv Hallbing sjekkar om krigarane har den rette posisjonen. No skal troppane hans prøva å slå seg gjennom forsvarslina til Eirik Rognø.
Amundsen, Paul S.
KAMPKLARE: Her er det dei gode mot dei vonde. Miniatyrkrigarane er kampklare og forseggjorde.
Amundsen, Paul S.