OVE ARNE OLDERKJÆR

Tysdag skreiv Stord kommune kontrakt med det lokale entreprenørselskapet W. Engelsen Eftf AS om å byggja institusjonen nedunder gamleheimen på Kringsjå. Tre entreprenørar var med i finalerunden.

Gjennomføringa av Bybuen Bandadalskvartalet skjer i eit såkalla offentleg privat samarbeid (OPS-prosjekt). Stord kommunestyre har løyvt 78 millionar kroner til prosjektet, den største investeringa til Stord kommune nokosinne. Fordi Bybuen står ferdig sommaren 2006, eit halvt år før fristen for statleg støtte går ut, blir det heile 45 millionar kroner i statleg innskot.

Haugesund-arkitektane Brekke & Haaland vann tevlinga om utforminga av institusjonen, som i hovudsak blir tilpassa demente. Anlegget får 5800 kvadratmeter fordelt på fem etasjar, i tillegg til 39 parkeringsplassar i underetasjen.

Hos W. Engelsen vil arbeidet sysselsetja 70 medarbeidarar i halvtanna år. 25.000 kubikkmeter fjell må sprengjast bort, bebuarane på aldersheimen må såleis bu seg på ein del ristingar i eit par månaders tid.

— I tillegg til at anlegget løyser sjukeheimproblemet for Stord, er Bybuen eit viktig byutviklingsprosjekt som ligg sentralt og godt synleg i bybildet, seier Kjell Nesbø, Stord kommune sin prosjektleiar.