Spesialenheten for politisaker på Hamer har henlagt saka «etter bevisets stilling», i forhold til dei to tenestemennene frå Stord lensmannskontor.

— Det er ikkje grunnlag for straffereaksjon overfor polititenestemennene, fastslår sjefen for Spesialenheten for politisaker, Jan Egil Presthus overfor Bergens Tidende.

Men sjølv om saka er henlagt - og det faktum at det ikkje vert kome med kritikk mot dei involverte tenestemennene - meiner Spesialeininga likevel at saka bør vurderast administrativt.

«Politidistriktet bør blant annet vurdere om det med bakgrunn i denne hendelsen bør legges enda større vekt på å avklare situasjonen for ruspåvirkede, før et oppdrag av den aktuelle karakter kan anses løst», skriv Presthus i sin rapport.

Kritisk mor

21-åringen si mor, Kith Sølvi Skaarhaug, har i tidlegare intervju med Bergens Tidende kome med sterk kritikk mot politiet.

— Eg er fortvila over at politiet ikkje køyrte sonen min direkte til sjukehus. Dei bør jo kunna sjå om eit menneske er i ferd med å gå i koma, sa ho til BT 11. mai i år.

Dei pårørande har høve til å klaga saka inn for Riksadvokaten. BT prøvde gjentekne gonger å koma i kontakt med 21-åringen sine foreldre onsdag, utan å lukkast. Familien sin advokat, Arild Birkeland, var heller ikkje tilgjengeleg for kommentar i går.