— De er framtida, det er de som skal sikra konkurransekrafta vår. Alt kjem ikkje til å bli eksportert til Korea og Kina, sa administrerande direktør Lars Solberg ved Apply Leirvik til det første kullet i den desentraliserte ingeniørutdanninga på Stord. Arbeidarstudentane fekk sine vitnemål fredag.

Samstundes med jobb i leverandørindustrien i Sunnhordland har 28 unge tilsette gjennomført to krevjande fagskuleår i regi av Bergen tekniske fagskole. Dette er første løpet i eit fullverdig ingeniørstudium ved høgskule eller universitet. Men dei fleste frå pionérkullet på eit utdanningstilbod som er i ferd med å bli permanent, har alt fått ein fot innanfor engineeringmiljøet i sine respektive bedrifter på Stord og Bømlo.

Tre kull

Kull to og tre er alt i gang med si fagskuleopplæring, som skjer med nettundervisning i kombinasjon med klasseromundervisning på Stord tredjekvar veke.Tilbodet omfattar no fleire bedrifter i Sunnhordland.

Det første kullet starta hausten 2011 med 35 studentar. 28 av dei fullførte og leverte sine prosjektoppgåver før jul, tysdag denne veka var det presentasjon av hovudprosjekt, følgt av munnleg eksamen onsdag.

Ved den høgtidelege vitnemålutdelinga på Stord hotell fredag blei det ikkje spart på superlativ overfor studentane i første rekkje. Men også lærarar og initiativtakande bedrifter med Kværner Stords Trond Haga i spissen hausta rikeleg med honnørord. Til og med fylkespolitikarane blei skrytte opp i skyene for å handla raskt då Apply Leirvik, Wärtsilä, Advantec og Kværner Stord i 2011 tok initiativ til eit i norsk samanheng eineståande spleiselag. Målet var å etablera eit lokalt utdanningstilbod som på sikt avhjelper ingeniørmangelen i leverandørindustrien.

Såg mot seg sjølv

— Industrien snudde seg rundt, såg mot seg sjølv og eigne ressursar og oppdaga at der var unytta potensiale, sa ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland (H).

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) takka for godord som blei Hordaland fylkeskommune til del, og la til at utdaningstilbodet ikkje hadde blitt til utan intensiteten og begeistringa som Sunnhordland-miljøet la for dagen.

— Takk for at de er med på å gjera bedriftene tryggare og for at de er med på å sikra vår velferd, sa Nilsen.

- Dirra i veggene

— Dette er ein annan måte å driva utdanning på, det var upløgd mark. Vi er rimeleg stolte av det vi har gjort. Og studentane har lagt for dagen ein enorm innsats, sa rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole.

— Initiativet frå bedriftene i regionen var glødande. Det dirra i veggene då vi møtte dei, behovet var til å ta og føla på, sa Tvedt.

Rektor Tvedt fortalte at utdanningstilbodet på Stord var så nyskapande at det statlege studiegodkjenningsorganet NOKUT i første omgang vende tommelen ned og kravde at studentane kom til Bergen for å få undervisning.

PÅ TOPP: Kværner Stord-medarbeidar og fagskulestudent Bjarte Urdal til h. med avdelingsleiar Reiar Bøen til v. og rektor Torbjørn Tvedt ved Bergen tekniske fagskole.
Ove A. Olderkjær
STOLT: Rektor Torbjørn Tvedt til h. skrytte uhemma av hardtarbeidande fagskulestudentar frå stordindustrien ved vitnemålutdelinga fredag.
Ove A. Olderkjær