I to år har den 57 år gamle Framstegsparti-veteranen hatt «Stord» som hobby. Frå før har han laga 20-30 skipsmodellar, blant anna av «Statsraad Lehmkuhl» og den tyske kryssaren «Königsberg» som blei senka i Bergen 10.april 1940.

Onsdag 25.februar skal «Stord»-modellen overrekkjast Stord kommune, med eit lite innslag av sjømilitær pomp og prakt. Kommandør Hans Christian Helseth, sjefen for Marinens overflateflotilje, deltek saman med inviterte personar som har tenestegjort på «Stord». Skipsmodellen skal stå i rådhuset på Leirvik, der også namneplata til den for lengst opphogde jagaren er utstilt.

«Scharnhorst»-bragd

Jagaren «Stord» hadde liten tilknyting tenestemessig til øya som han var oppkalla etter. Men fartøyet gjorde Stord-namnet vide kjent då det var aktivt deltakande i den heroiske senkinga av det tyske slagskipet «Scharnhorst» utanfor Nordkapp andre juledag 1943.

«Scharnhorst» var eitt av dei frykta naziskipa som Winston Churchill ønskte sett ut av spel så snart som råd. Britane fekk sjansen då «Scharnhorst» julafta 1943 gjekk ut for å søkkja ein alliert konvoi til Russland.

Tyskarane visste ikkje at det britiske slagskipet «Duke of York», kryssaren «Jamaica», «Stord» og tre andre allierte jagarar følgde konvoien på fråstand. «Scharnhorst» trekte seg tilbake etter eit første åtak, men så tok 32 knop raske «Stord» opp forfølginga i det iskalde og opprørte stormhavet.

Snart kom dei britiske fartøya til assistanse, og «Scharnhorst» fekk gjennomgå. «Stord» trefte med to av åtte torpedoar, og unngjekk så vidt å bli treft av slagkryssaren sine kanonskot. I eit inferno av brann og eksplosjonar gjekk «Scharnhorst» til sist under og tok med seg over 1800 tyskarar i døden.

Vinka til kongen

«Stord» var sett inn i den 51. britiske jagarflotiljen hausten 1943. Det flunkande nye og engelksbygde fartøyet fekk norsk mannskap og kommando. Utrusta vog båten 2400 tonn og hadde 230 mann om bord. «Stord» gjorde teneste som eskorteskip for Russland-konvoiane, og deltok aktivt i invasjonen på franskekysten våren 1944.

Like etter fredsslutninga i 1945 fekk stordabuane høve til å takka «Stord» for krigsinnsatsen. Jagaren sigla gjennom Langenuen med kong Haakon om bord, og blei møtt av ei stor mengde småbåtar og folk som stod langs land. Men heller ikkje då la «Stord» til kai på Stord.

Seinare gjorde «Stord» teneste i Sjøforsvaret, og var ein periode kadettskip for Sjøkrigsskolen sine elevar. Jagaren enda sine dagar i Belgia, der han blei hoggen opp i 1959.

FÅR HEIDERSPLASS: Knut Hanselmanns modell av jagaren «Stord» får ein heidersplass i Stord rådhus.<p/> FOTO: VIDAR B. HOPE, SJØFORSVARET