– Det var ein veldig spennande kamp. Hallvard Fjell vart skadd, og då måtte me setja inn 52 år gamle Atle Irgens.

Me hadde også Tommy Urhaug på laget. Han er nok den første med handikap med gull i lag-NM, seier Stord-formann Roger Saue. Manuela Erentsen frå bergensklubben Heros vart noregsmeister i klassen kvinner, dobbel saman med Marte Nilsen frå B72.

Espen Rønneberg frå Laksevåg vart meister i klasse mix, dobbel saman med Anja Esketveit frå Lia. B72 vann over Modum i klasse herrar, dobbel. I dag er singelfinalane.