Industrikommunen slit kraftig med å dekkja inn gamle underskot på 31 millionar kroner, og må blant anna seia opp 40 tilsette innan neste sommar.

Situasjonen ser ikkje økonomisk lysare ut når Stord ventar ein auke på 250 nye pensjonistar over 80 år fram til 2010. Om lag 35 av dei vil ha krav på institusjonsplassar for over 15 millionar kroner.

Ei vedteken skule— og institusjonsutbygging vil gi kommunen årlege ekstra driftsutgifter på nær 28 millionar kroner.

Når inntektene ikkje aukar, får rådmann Dahle framtidsreknestykket ikkje til å gå opp.

— Vi tek ikkje inn lærlingar neste år, vi har sett null kroner til tilleggsinvesteringar. Det finst ikkje pengar. Vi har skore til beinet, sa rådmann Martin Dahle då han presenterte 2003-budsjettet og økonomiplanen 2003-2006 i går.

Dahle sa til frammøtte kommunepolitikarar at den vedtekne bygginga av ny ungdomsskule i Nordbygda, med byggestart i 2004, bør gå ut. Skulen kostar vel 70 millionar kroner. Dahle vil heller at kommunen brukar 50 millionar kroner på å byggja på den gamle ungdomsskulen på Vikahaugane.

Med Dahles forslag får den gamle skulen 600 elevar, 150 fleire enn tilrådd i opplæringslova.

— Det blir sjølvsagt ei politisk drøfting. Eg spør om det er ei rett prioritering å byggja ein ny skule til 70-80 millionar kroner som gir oss så store driftsutgifter, sa Martin Dahle.

Rådmannens spørsmål er aktualisert av folkestatistikken, som viser ein sterk auke i talet på eldre over 80 år, samstundes med at talet på unge under 15 år er kalkulert å gå tilbake med knapt 150 frå 2003 til 2010. Talet på elevar i grunnskulen vil likevel auka dei nærmaste tre åra.