Lachnit har arbeidd som lege på Stordøya i snart fire år og er kjent av mange. Først arbeidde han som kommunelege i Fitjar i nær 1 1/2 år. Dei siste 2 1/2 åra har han arbeidd ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus, melder Stord kommune på sine nettsider.

— Dette vil gje i alle fall 1000 nye listeplassar i kommunen, fortel kommunelege Lars Helge Sørheim.

Og det kan trengast. Ved månadsskiftet november/desember var det kun to ledige plassar hos dei 15 fastlegane i Stord.