Sykkelløpet Bergen-Voss toppar med sine 3000 påmelde, men også Vossafestivalen for korpsmusikk sette preg på Vangen med sine defileringar og feiande musikk.

Den mest ekstreme måten å ta seg fram på, hadde nok triathlongjengen som både symde, sykla milevis og la ut på reine maratonløpet.

Hestekrefter

Bergensbanejubilantane hadde fyrbøtarar til å skufla på kol og skapte hestekrefter på museumstoget. Til MC-treffet kom kubikksjarmørar og eksosryper på blankpussa krom og med trauste hestekrefter under baken.

Voss Cup neste

Fleire fotballkampar står på programmet, og i dag hadde dei marknadsdag i Skulestadmo og på Evanger.

Og dette er berre oppvarminga. Neste helg er det Voss Cup, og då er Eks-tremsportveko rett rundt hjørnet.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH