Autopass, slik som i Bergen, vart innført på Osterøybrua frå 11. juni 2007. Frå då av vart det slutt på bominntekter frå passasjerar, frå bussar i rute og frå motorsykkel og mopedar.

Osterøy Bruselskap reknar det årlege tapet av dette bortfallet til vel 9 millionar kroner i året. Selskapet søkjer difor Statens vegvesen om løyve til å auka bomtaksten frå 50 kroner i dag til 65 kroner for bilar inntil 3,5 tonn. For tyngre bilar vil taksten auka frå 165 kroner til 215 kroner.

Abonnentar kan så sleppa unna med 40 prosent rabatt på desse takstane.

Bruselskapet opplyser i sin søknad til Statens vegvesen at inntektstapet for 2007 kjem opp i 7,2 millionar kroner. Bruken av rabatt har og auka etter innføring av Autopass. I tillegg kjem tap på ubetalte passeringar.

Samstundes har det vore trafikkvekst, men veksten har ikkje vege opp inntektstapet.

Før dei nye takstane kan setjast i verk, må det innhentast fråsegn frå Osterøy og Bergen, dei to kommunane som Osterøybrua knyter saman. Regionvegvsjef Olav Ellevset gjer i sitt brev merksam på at søknaden om takstauke er i tråd med føresetnadene i Stortingsproposisjonen frå 2006-07 om bygging og finansiering av ny veg til Lonevåg. Der er det teke atterhald om at takstane kan justerast oppover dersom overgang frå manuell til automatisk innkrevjing fører til lågare inntekter.

Etter fråsegner frå Bergen og Osterøy går søknaden til fylkeskommunen. Siste ord i saka har Vegdirektoratet.

Bompengeinnkrevjinga på Osterøybrua skal halda fram til 2014.

Autopass blei innført på Osterøybrua frå 11. juni 2007.
Pål Engesæter